onsdag 11. januar 2012

Røyskatt

Røyskatten er å finne i heile landet og trivst der det er nokre steinar å gøyme seg imellom. Ei røys eller ei ur, eller kanskje ein gamal kjellar. Denne krabaten fotograferte eg i ei dyregrav som eingong var meint på rein.

Røyskatt er eit rovdyr som lever godt på smågnagarar. Så dersom du har ein røyskatt i kjellaren på hytta, så held han musa unna.

Røyskatten er nysgjerrig så det held. Når ein fyrst har fått auge på han, kan ein ha underhaldning i lang tid. Men fotografen får aldri lang tid på kvart forsøk, før røyskatten forsvinn i ura att, for å koma fram att ein heilt annan plass. Men med litt tålmod, vert sjansane mange nok.

fredag 6. januar 2012

Elgjakt

Dei siste åra har me hatt utvida elgjakt fram til jul. I haust var derimot kvota redusert til 16 dyr, så då låg det an til rask jakt. Etter 7 dagar var me ferdig. Det er i alle fall det raskast eg har vore med på å fylle kvota, men så har eg heller ikkje vore med på å jakte på så lita kvote før.

Nokre tidlegare rekordar eg har vore med på i jaktlaget, er 30 felte elg i løpet av dei 7 fyrste dagane i jakta. 7 felte elg på ein dag er det meste eg har vore med på, men det har skjedd fleire gonger. 45 felte elg på ein haust har eg også vore med på 2 haustar. Det meste som har stått att på kvota etter jakta var slutt, er 15 elg, det skjedde den eine hausten me felte 45 elg.

Det meste av jakta foregår i skogen, men eg likar meg best på snaufjellet, så eg går høgast mogleg dersom eg får sjansen til det. Den høgastliggande posten eg har hatt ligg på omlag 1200 moh.

I 2010 vart jaktlaget portrettert i bladet Hjorteviltet og i Jeger Hund & Våpen sitt elg-temanummer. Lokalavisa Hallingdølen har også skrive om oss nokre gonger, seinast i 2011. For nokre år sidan hadde me besøk av eit serbisk TV-team som filma oss nokre dagar, så det vart eit halvtimes program på serbisk TV.