tag:blogger.com,1999:blog-5578553026153320642024-03-13T01:54:33.822+01:00Fjell og fotoAsle Feten sin blogAsle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.comBlogger27125tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-65035829631146347842022-12-09T10:57:00.000+01:002022-12-09T10:57:41.400+01:00Gratulere Hol Høgre
De lykkast til slutt med å legge ned endå ei grendeskule.

Dette skjer i samband med budsjettbehandling, så ein må forvente at det er økonomiske innsparingar som er motivet.

Hol kommune bruker 5 millionar kr årleg på stigar og skiløyper, og Hol Høgre, med støtte av Venstre og mesteparten av Arbeiderpartiet, meiner at det er viktigare enn grendeskuler. Slik dette framstår no, er det skuleelevar frå Dagali og Skurdalen som skal vera med på å finasiere skiløyper for hytteturistar på Geilo, ved å tilbringe fritida si i buss å veg til og frå lovpålgt skule.

Hol kommune vert mindre attraktivt å bu i for kvar grendeskule som vert lagt ned og for kvar ny hytte som vert bygd. Høgre er meistrar på å arbeide for begge deler.
Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-33366656220882002902020-07-22T20:50:00.003+02:002020-07-26T21:48:30.065+02:00Tour te fjells
Så er Tour te fjells 2020 gjennomført. CK Valdres har imponert i år som tidlegare år. Med mange av landets aller beste syklistar i feltet, var det ei oppleving å vera til stades då dei tråkka seg over fjellet på sølete veg i sprutregn. Det var mykje ulydar frå kjede og tannhjul etterkvart som syklistane passerte.

Det er fleire av desse som vert å sjå i langt meir kjente ritt framover.

For ein urøynd sportfotograf, var vêret utfordrande nok. Men kameraet fungerer fortsatt, så då må eg vel seie meg fornøgd med opplevinga.

Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Unnamed Road, 3570 Ål, Norge60.75226589999999 8.364232600000001160.743877475078122 8.3470664623046886 60.760654324921859 8.3813987376953136tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-69083496968055200382020-07-03T20:04:00.000+02:002020-07-03T20:04:10.826+02:00Langtidstesten: Markins Q3TMange av produktomtalene ein finn på nettet er utelukkande basert på fyrsteinntrykket til forfattaren. Slike omtaler er mindre interessante, men i ei verd der "testarane" konkurerer om å få publisert testen sin raskast mogleg, vert resultatet deretter. Det er også erfaringar med heilt nye produkt, mange etterspør. I denne omtala skal eg dele erfaringane eg har etter 8 års med Markins Q3T.

Markins Q3T

Markins Q3T er eit kulehovud til å ha på fotostativet. Dette fungerer som eit kuleledd mellom stativet og kameraet, slik at kameraet kan peikast til kva som helst retning og låsast der. Markins sine kulehovud hadde veldig god omtale på mange nettsider og Markins vart av mange, rekna som eit av dei beste kulehovudmerka i den tida eg kjøpte dette hovudet.

Nokre turre fakta

Markins Q3T er 8,7cm høgt. Større høgde gjer at momentet som skal overførast til stativet, vert større. Eit høgt hovud vil altså stille endå større krav til stativet. Det er same problemstilling som ved bruk av midtsøyle på staivet.

Kula er 38mm i diameter. Større kule vil gjera det lettare å gjera små justeringar på kvar kameraet peikar, og større kule vil gjera at låsinga av kula klemmer på eit større areal. Men ei større kule gjer også kulehovudet større og tyngre.

Halsen mellom kula og kameraplatformen er 1,3cm breid på det smalaste. Stødigheitsmessig, er denne halsen det svakaste punktet på dei fleste kulehovud. Ein smal og lang hals vil svinge meir enn ein stutt og grov hals.

I tillegg til kula, har kulehovudet også ein panoreringsbase heilt underst på hovudet. Med den kan ein panorere hovudet utan å losne kula.

Kulehovudet veg 370g. Lågare vekt beyr at det er enklar å få med seg. Dette er særleg viktig på telttur, når sekken er i tyngste laget sjølv utan fotoutstyr. Kraftigare konstruksjon vil gjera hovudet tyngre, så dette er eit kompromiss ein må gjera. Og derfor er det greit å både eit lett hovud og eit kraftigare hovud, så brukar ein det som passar best til forholda. Markins Q3T var tiltenkt rolla som lettvektshovud for min del, i kombinasjon med eit lett stativ. Det lette stativet var derimot ein fiasko. Lettvektskombinasjonen som derimot har vore brukt på fleire teltturar, har vore Markins Q3T og Berlebach mini.

Diameteren på sjølve kulehovudet er 5cm. Normalt er ikkje dette ein viktig eigenskap, men dette kulehovudet er laga for å passe mellom beina på såkalla reisestativ når ein pakkar desse saman. Eg har aldri brukt stativ som har lete seg pakke saman på denne måten, så for meg har det ikkje vore noko stort poeng. Plasseringa av låseskruven for kula og låseskriven for panoreringa og også plassert slik at dei ikkje skal hindre å pakke saman reisestativ på denne måten.

Fyrsteinntrykket

Då kulehovudet var nytt, innfridde det dei fleste forventningane, og dei forventningane var skyhøge. Rørslene var mjuke, langt betre enn det andre kulehovudet eg hadde på den tida, RRS BH-40. Men ettersom kula var litt mindre, var det meir begrensa kva det var eigna til. Eg fann fort ut at ei praktisk grense var objektiv med brennvidde rundt 200mm. Fastbrennvidde 200mm/4 gjekk heit greit, men 70-200mm/2,8-zoomen vart i tyngste laget, sjølv om zoomen har stativfeste og derfor vert montert med tyngdepunktet rett over kulehovudet. Ettersom dette hovudet var tiltenkt lettvektsbruk, var ikkje den tunge f/2,8-zoomen del av målgruppa, for mi bruk.

Det store skruven nederst på kulehovudet, er låseskruven for kula. Nedi venstre hjørnet på hovudskruven, kan ein såvidt skimte ein liten skruven som er til for å begrense kor langt ein kan åpne hovudskreven. På den måten risikerer ein ikkje at kula brått vert heilt laus fordi ein har åpna for mykje.

I følge reklamen skal ikkje kameraet røre seg sjølv om kula er ulåst når ein har stillt denne vesle begrensingsskruven riktig. Det fungerer ikkje fullt så ideelt, men med tyngdepunktet rimleg sentrert over kulehovudet, fungerer det slik reklamen beskriv det. Ein annen fordel med å ha denne begrensingsskruven så stramt, er at låsing av kula ikkje fører til så stor rørsle som dersom kula skal låsast frå ein lausare innstilling.

Skruven på høgre side på biletet, er for å låse panoreringsbasen. Denne skruven er av ubeskytta metall, og med rifla overflate. Den lite fingervenlege overflata på denne skruven, er det fyrste iritasjonsmomenten på kulehovudet. Skruven er vond å låse og vond å losne dersom han sitt litt fast. Sjølv har eg løyst problemet med å tre på ein gummiring som vist på biletet.

På toppen av hovudet sitt ei hurtigkoplingsklemme med skruvelåsing. Eg hadde hendellåsing på det andre kulehovudet, RRS BH-40, men etter erfaring med denne skruvelåsinga, har eg bytta ut hurtigkoplinga på BH-40-hovudet slik at dette også har skruvelåsing.

Det som derimot ikkje er like imponerande med hurtigkoplinga, er at det er plassert ei libelle inni hurtigkoplinga. Dette ser sikkert fint ut i marknadsføringsmateriell, men i praktisk bruk, er denne libella alltid borte under kameraet når kulehovudet er i bruk. Dette er nok det sikraste teiknet på at konstruktøren ikkje brukar kulehovudet sjølv.

Den blanke sirkelen i midten er bolten som forankrar hurtigkoplingsklemma til kula. øverst i klemma, synest det eit svart hol etter ein såkalla sikringspinne. Dette var ein fjørbelasta pinne som skulle hindre at kameraplata sklir ut dersom ein ikkje har låst klemma godt nok. Problemet med ein slik sikringspinne, er at det også hindrer ein frå å skuve kameraet inn og ut av klemma, ein må skruve opp klemma heilt, slik at ein kan lyfte kameraet rett opp. Eg fortrekk å skuve kameraet inn og ut av klemma, derfor har eg fjerna denne sikringspinnen.

Markins Q3T fungerer ikkje i kulde

Kulehovudet viste si fyrste virkelege svakheit allereie fyrste vinter. Då temperaturen kraup nedover på minussida, nekta kula å bevege seg. Ho fraus rett og slett fast. I følge produsenten skulle dette vera enkelt å fikse med rensk av kula med WD-40 før ein går ut. For det fyrste er det håplaust med utstyr som treng spesiell oppmerksomheit kvar einaste gong det skal brukast. For det andre fekk eg aldri denne rensken til å hjelpe.

Dette førte naturlegvis til at bruksområdet for dette hovudet vart redusert til sumarbruk. Hovudet har vorte lagt vekk om hausten, og henta fram att om våren. Bruken har derfor vore redusert til nokre få månader i året.

Markins lagar også større kulehovud, Q10 og Q20. Q20 var ein av kandidatane eg hadde til eit større kulehovud til det store stativet. Ettersom desse ulike modellane ser ut til å vera bygd på same måte, bare med ulike storleikar, har eg ingen tillit til at Q20 fungerer i kulda. Det store stativet er det stativet som eg brukar om vinteren når det er mørkt og stativ er meir naudsynt enn nokon annan tid. Dette hovudet skulle altså ha sitt aller viktigaste bruksområde i kulda. Den sjansen har eg verken lyst til eller råd til å ta.

Stoda etter 8 år

Grunnen til at eg kan skrive denne oppsummeringa no, er at kulehovudet allereie er utslite. Til tross for begrensa bruk desse åra, har det utvikla seg slark i panoramabasen. Hovudet vippar rett og slett fram og attende. Kulehovudet har altså ikkje lenger den aller viktigaste eigenskapen til eit stativhovud, å halde kamera støtt og i ro.

Sisteinntryket

At hovudet allereie er utslite etter begrensa bruk nokre få månader i året i 8 år, gjer sluttinntrykket heller dårleg. Med litt hard bruk, ville dette hovudet vore utslite i løpet av eit år.

Det vert sjølvsagt ikkje noko nytt Markins Q3T på meg. Eg trur heller ikkje det vert erstatta med noko anna lettvekts-kulehovud. RRS BH-40 kulehovudet som har fulgt meg i 11 år, er ikkje så mykje tyngre, det er langt sterkare og kan halde alt utstyr som er aktuelt å bera med meg, og det har vist seg langt meir påliteleg. Det fungerer året rundt og viser ikkje slitasje til tross for langt meir bruk gjennom endå fleire år.
Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-71830916170822075942020-02-05T18:45:00.001+01:002020-02-05T20:27:32.564+01:00Mimring frå Svalbard og HinlopenstretetMedan eg sit og ser på NRK si minutt for minutt-sending frå Svalbard, blar eg i Den norske los og Cruishåndboka for Svalbard, og eg blar gjennom bilete frå eigne turar. Akkurat no er NRK-båten i Hinlopenstretet, og der var eg også 10 år tidlegare.

Alt eg har lese om Hinlopen, er at det er mykje vind og straum, me hadde blikk stille hav.

Isbjørn såg me også.

Kvelden i Hinlopen vart runda av med eit nærmøte med Bråsvellbreen.

Fleire bilete kan sjåast på flickr-albumet mittAsle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Svalbard, Svalbard and Jan Mayen79.407495846122288 19.6650565141412779.036405846122292 17.083269514141271 79.778585846122283 22.246843514141268tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-30536027859751733262019-11-08T15:41:00.001+01:002019-11-08T15:42:08.467+01:00Derfor mistar eg respekta for farevarsla til yr.no

Yr.no åtvarar om ''Pågår: Mye snø" samtidig som det aktuelle vêrvarselet antydar kanskje 2cm dersom me er heldige, og ute er det fortsatt bart som om sumaren. Når det vert reell fare å varsle om, kjem eg og mange andre til å oversjå det.

skjermbilete frå https://www.yr.no/stad/Noreg/Buskerud/Hol/Hovet/langtidsvarsel.html 8/11-2019

Dersom det er noko som skulle åtvarast om akkurat no, er det barfrost. Og det er bare betyteleg mengde snø som kan løyse problemet…Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Hovet, Noreg60.622963656505554 8.154874846860366260.607386656505554 8.114534346860367 60.638540656505555 8.1952153468603655tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-59385652489085573572019-09-16T20:05:00.001+02:002019-09-16T20:05:20.084+02:00Vinterer kjem stadig nærareDet er ikkje fyrste snøen i haust. Men det er fyrste morgonen eg har vakna og faktis sett nysnøen. Tidlegare har det vore overskya eller bare mørkt. I dag var det klarver og nesten fullmåne.

Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-74495285783758423762019-03-06T16:11:00.001+01:002019-03-06T18:29:59.283+01:00"En turfjellski må være robust og pålitelig, tur etter tur."

Langtesten av Fisher E99 fjellski

På Fisher sine nettsider står det:

En turfjellski må være robust og pålitelig, tur etter tur. E99 Easy Skin
er kjent for nettopp dette, en stålkantski utviklet for turer og
ekspedisjoner.

Då skulle dette vera ski som passar perfekt for min bruk, sjølv om eg ikkje driv med ekspedisjonar.

Den siste halvannan skisesong har eg blant anna brukt eit par ski av denne modellen på enkle fjellturar med lett sekk. Eg har fleire ski og vel ski etter forholda og kva slags tur eg skal på, så desse skia har ikkje vore på overnattingstur, og dei har heller ikkje vore på turar med hard nedoverkøyring.

Likevel har stålkantane sprukke opp og forrige sundag byrja fyrst ein stålkant, så ein annan stålkant å låsne. Etter mitt syn, skulle dette vera ein veldig klar reklamasjon. Eg har erfaring med at Åsnes har vore flinke på tilsvarande reklamasjonar på deira modellar.

Fisher sitt svar var derimot ikkje så tillitvekkande:

…resultat av for hard belastning over tid…

Fisher godtek altså ikkje dette som reklamasjon, men dei tilgyr meg nye ski for halv pris. Eg er heilt enig med Fisher i at ei fjellski må vera robust og påliteleg. Når dei samtidig seier at min bruk, fjellturar med lett sekk, er for hard belastning for skimodellen, så er valget mitt enkelt. Men det vart ei dyrkjøpt erfaring for min del, eit raskt overslag seier meg at desse skia har kosta meg 50-100 kroner pr. tur.

Det vert ikkje fleire Fisher-fjellski på meg. Når eg kjøper fjellski, må produsenten gå god for at skia skal tåle å brukast som fjellski, noko Fisher heilt tydeleg ikkje gjer.Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-6495117669195337472018-11-27T16:58:00.000+01:002018-11-27T17:17:17.094+01:00SkoddebogeNokre gonger kan ein planlegge bileta, andre gonger er det meir tilfeldig at ein er på rett plass til rett tid. Denne gongen var eg akkurat på toppen av skodda då sola stod akkurat i riktig vinkel til å lage ein skoddeboge rundt Storebrea.

Ring rundt Storebrea av Asle Feten, på Flickr.

Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Breavegen, 3570 Ål, Noreg60.757964114732026 8.39704769564627960.754085614732027 8.3869626956462788 60.761842614732025 8.4071326956462791tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-65785658772750540902018-11-22T18:18:00.001+01:002018-11-22T18:21:55.374+01:00Nedre Demmevatnet og jøkullaupDemmevatnet er ein bredemt innsjø, det vil seie at det er brefallet Rembesdalskåka som demmer opp vatnet. Dersom vasstrykket vert større enn breen greier å stå i mot, vil breen flyte opp og vatnet fosse ut under breen. Dette har skjedd ei rekke gonger i Demmevatn, men med ulike forløp, so har gjeve langvarig flaum eller kortvarig katastrofeflaum.

1. august 1893 skjedde dette. Vannstanden før jøkullaupet var omlag 1310moh, vatndjupen ved brekanten var over 100m. 35 mill. m³ vatn fløymde ut i Simadalen i løpet av 24 timar med midlare vassføring på 400m³/s og førte sjølvsagt til store øydeleggingar.

17. august 1897 skjedde det på ny. Denne gongen rann vatnet over isen, og smelta seg ei renne i breen. Demmevatn tømte seg slik i løpet av 26 dagar, noko som vil gav midlare vassføring på 15m³/2 i tillegg til vassføringa inn i Demmevatn som var omlag 4m³/s.

I 1899 var det ferdig ein tunnel slik at det vart eit permenent utløp 1286 moh og det bredemte volumet var redusert til 11,6 mill. m³.

Det skulle vise seg at dette heller ikkje var nok for å avverge øydeleggane jøkullaup.

10. august 1937 tømte Nedre Demmevatn seg att og 11,6 mill. m³ rann ut i løpet av 3,5 time, altså midlare vassføring på 900m³/s. Og gardana i Simadalen var på ny råka av totaløydeleggande flaum. Etter denne ulukka, var Nedre Demmevatn atter senka med ein ny tunnel 1239moh.

I forbindelse med kraftutbygging, vart det i 1973 bygd endå ein ny tunnell på 1238,6moh, denne gongen for å føre vatnet til Holmavatn. Opplodding ved brekanten er målt 26,3 meters djup med botn på 1212moh. Etter at Rembesdalsvatnet vart oppdemt, har jøkullaup endt i Rembesdalsvatnet og vorte stoppa der.

kilde: Jøkullaup fra Demmevatn av Hallgeir Elvehøy, Jack Kohler, Runde Engeset og Liss M. Andreassen. NVE Rapport 17 1997.

I november 2018 var Nedre Demmevatn heilt tomt.

Nedre Demmevatnet av Asle Feten, på Flick.

Demmevasshytta som vart bygd i samband med tunneldrivinga sist på 1800-talet, og som seinare har vorte turisthytte, ligg rett utanfor høgre biletkant.

Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Nedre Demmevatn, Eidfjord, Noreg60.543418429438525 7.317143943753535560.535609929438522 7.2969739437535353 60.551226929438528 7.3373139437535357tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-80145253507236879312016-12-22T17:11:00.000+01:002016-12-22T17:34:09.219+01:00Inspirert av Kåre Tveter

Eg var innom Galleri Svalbard i 2009, der vart eg heilt bergteken av dei nesten heilt kvite bileta til Kåre Tveter. Den store kvite flata med antydinga av eit landskap i det kvite, var noko som traff noko inni meg. Det handlar nok om at Tveter hadde greidd å lage bilete av det eg har sett i fjellet i snø og skodde så ofte.

Eg har prøvd å skape liknande bilete sjølv. Det er ikkje enkelt, det er ein hårfin ballansegang mellom heilt kvitt og for mykje detaljar.

Dette bilete vart til i Liefdefjorden på nordsida av Svalbard nokre dagar seinare. Sjølv om det ikkje kjem klart fram, er det eit sumarbilete. Men skodde og snø, eller i dette tilfellet ein bre, er det same uansett årstid.

Dette er eit haustbilete frå Svalbard i 2011. I Kongsfjorden, ikkje langt frå Ny Ålesund. Det er ikkje snø som gjer det kvitt i dette tilfellet, bare den tjukke skodda som låg over fjorden.

Tilslutt har eit bilete frå nyttårseftan 2015 frå heimlege trakter. Denne gongen er det ekte vare med snø, skodde og vinter. For dei som ikkje kjenner seg att, kan eg nevne at det er frå Vesle Hengsvatnet.

Bilete på ein liten dataskjerm kan derimot aldri gje det same sterke inntrykket som ein får av dei store bileta på Galleri Svalbard. Eg vil anbefale alle å stikke innom galleriet får å sjå Kåre Tveter samlinga, dersom ein likevel er i Longyearbyen.

Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-57692050929172188592016-01-11T17:39:00.000+01:002016-12-22T17:34:33.142+01:00IsroserNår véret endrar seg frå mildt og fuktig til kaldt, er det forhold for isroser. Når ein er heldig og kan kombinere dette med dei riktige lysforholda, er det mogleg å få spanande bilete med uendeleg mange variasjonar i mønsteret.

Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-28172947769571203072015-04-29T19:19:00.001+02:002015-04-29T19:19:34.976+02:00GPS til kamera, del 4Då eg skreiv dei andre delane, trudde eg at eg hadde funne ei løysing som fungerte. Der tok eg feil, og det viser kor viktig det er med ordentleg utprøving før ein konkluderer.

Blåtann GPS og Aokatec Ak-4NII blåtannplugg

Aokatec Ak-4NII er ein liten plugg til å setje i kontakta på kamera. Pluggen koblar seg så til ein blåtann-GPS i nærleiken. Dette er tilsynelatande ein elegant løysing, ikkje minst med tanke på at det er trådlaust. Pluggen er akkurat stor nok til å feste ein navnelapp på. Men han er så liten at ein ikkje vil greie å finne han att dersom ein mastar han. Det siste er derimot løyst med ei lita snor som ein fester i auga til kamerareima. Og denne snora er heilt naudsynt, for pluggen ramlar ut i tide og utide. Med GPS som står på heile tida, unngår ein problem med oppstartstid, men batteribruken vert større.

Det fyrste problemet dukkar opp når batteriet i GPS-en går tomt. På langtur, vert ein avhengig av to ulike batterityper. Logistikken er langt enklare når GPS-en brukar straum frå kamerabatteriet. Til dagleg bruk, må ein bare hugse på å lade opp GPS-batteriet ofte nok.

Det andre problemet dukka opp då GPS-en brått forsvann. Med små, lause objekt i fotoveska, er det alltid ein risiko for at noko kan ramle ut. GPS-en forsvann truleg i forbindelse med dei fyrste bileta om dagen, og at eg tok GPS-en opp for å slå han på. Han var i alle fall borte seinare på dagen. Ettersom dette skjedde midt i elgjakta, og eg ikkje hadde moglegheit til å koma meg i nokon butikk på dagtid, måtte eg låne meg ein blåtann-GPS.

GPS-en eg fekk lånt meg, hadde sin eigen batterisparefunksjon. Dersom ingenting var kobla til i nokre minutt, slo han seg av. Det vil seie at dersom pluggen ramla ut av kamera, slo GPS-en seg av. På grunn av dette, måtte eg stadig vekk vente på at GPS-en fekk fiks. Eg passa sjølvsagt på å unngå slik batterisparefunksjon når eg kjøpte meg ny blåtann-GPS.

Når eg har nevnt dei praktiske problema med løysinga, er det på tide å nevne dei begrensingane som produsenten har bakt inn i produktet. Dei fleste blåtann-GPS-ane har dårleg eller ingen visning av kor god kvalitet det er på posisjonen. Dette er ikkje ulikt dei andre dedikerte kamera-GPS-ane. Men Aokatec har gjort heilt uforståeleg valg ved at dei endrar dataene frå GPS-en slik at kamera får beskjed om at det alltid er 4 satelittar som er grunnlag for posisjonen. Det er derfor ingen moglegheit å vurdere kvaliteten i ettertid. Fy skam på Aokatec for dette valget.

Aokatec Ak-G1s

I motsetning til blåtannpluggen over, er Ak-G1s ein plugg med GPS inne i pluggen. Denne GPS-en er altså ein mini kamera-GPS som brukar straum frå kamerabatteriet. Pluggen er omlag dobelt så stor som blåtann-pluggen.

I likheit med blåtann-pluggen over, har også denne ei snor til å feste i auga til kamerareima. Så lenge det er batteri i kamera, er deet straum til GPS-en. GPS-en har også av-på-knapp, slik at han kan slåast av for å spare batteri.

Problemet er at GPS-en har innebygd batterisparefunksjon. GPS-en slår seg av og på saman med at ein aktiverer kameraet. Det vil seie at GPS-en må startast opp kvar einaste gong ein tar opp kamera. Kor lang tid GPS-en brukar på å få fiks, er avhengig av kor lenge sidan han var aktivert sist. Ved sporadisk fotografering gjennom dagen, kunne det bli mykje venting, men stort sett ikkje uproblematisk mykje venting med dei riktige rutinene. Dersom ein passar på at kameraet vert aktivert med eingong ein tar det opp, har GPS-en som oftast fiks før ein rekk å søke, fokusere og fotografere.

Det store problemet med lang oppstartstid dukkar opp når ein flytt seg langt over kort tid. GPS-en greier ikkje å få den fyrste fiksen etter oppstart når ein har stor fart. Ein innebygd funksjon i GPS-en gjer at han sender siste posisjon til kameraet. Dette er ein funksjon som er tenkt å vera lur dersom ein er inne eller andre plassar med dårleg satelittsikt, og ein held seg på same plassen. I fly har ikkje ein kvarter gamal posisjon nokon verdi. I tillegg til å sende verdilause posisjonar, held klokka i GPS-en seg oppdatert, og det er heile tida riktig klokkeslett som vert sendt til kamera, ikkje tidspunktet for posisjonen som vert sendt. Denne kombinsjonen gjer at det ikkje lar seg gjera å plukke ut kva for bilete som har fått riktig posisjon, og kva for bilete som har fått ein gaman posisjon. Til bruk i fly og helikopter, er denne GPS-en ubrukeleg.

Som blåtann-pluggen, rapporterer denne GPS-en også alltid 4 satelittar, uavhengig av kor mange som har vore grunnlag for posisjonen, og uavhenig av om posisjonen er fersk eller gamal. Fy skam på Aokatec for dette valget.

Konklusjon

Til tross for desse problema, er dette 2 ulike løysinga som eg har lang
erfaring med. Og eg kan ikkje beint fram fråråde nokon av løysingane, dersom ein er kjent med begrensingane og kan forhalde seg til det.

Av dei løysingane eg presentert i dei 4 fyrste delane, er det bare Garmin-GPS-en som er fullgod teknisk og som gjev full kontroll på posisjonskvaliteten. Men den store einingen i kombinasjon med ledning, gjer det likevel til ein mindre eigna løysing til dagleg fotografering.Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-56728270947570400202014-11-05T18:46:00.000+01:002016-12-22T17:35:09.071+01:00IsbjørnvikuEttersom me er midt i isbjørviku er det på sin plass å ta fram nokre isbjørbilete.

Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Svalbard78.836065453335266 16.17187571.246609453335267 -25.136719 86.425521453335264 57.480469tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-46678263813064626292014-05-23T18:20:00.000+02:002014-05-27T21:32:48.623+02:00Lesetips Svalbard

I den seinare tida har Kartverket lagt ut mykje kartdata for fri nedlasting. Dette er data som likevel ikkje er så tilgjengeleg for folk flest, ettersom det krevst noko kompetanse for å bruke det. Men Kartverket har også nokre produkt som dei er mindre kjent for, og som også har vorte tilgengeleg for nedlasting. Den norske los er eit slikt produkt.

Den norske los er eit oppslagsverk som fungerer som eit supplement til sjøkart. Sjølv er eg å rekne som landkrabbe, og farvatnsbeskriving er langt utanfor mitt interessefelt. Men eg har vore interessert i Svalbard i lang tid og har lese det meste eg har kome over av litteratur om denne øygruppa. Det er utgjeve mykje litteratur om Svalbard det siste hundreåret, og mange av desse bøkene er reine presentasjonar av Svalbard der mykje av innhaldet er attkjennande frå den eine boka til den andre, og der hovudfokuset er på land. Men ei bok utmerkar seg ved å vera heilt ulik alle andre, og det er det 7. bindet av Den norske los. I tillegg til å vera seilingsvegleiar, tar også boka for seg mykje av kva ein kan oppleva på land. Eg har ei tidlegare utgåve av boka, og fortrekk nok boka når eg skal kose meg med lesinga. Men den nedlastbare versjonen er søkbar og derfor godt eigna som oppslagsverk. At fila er gratis og lett tilgjengeleg, gjer at alle Svalbardinteresserte bør kjenne til dette verket.

Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Svalbard79.644614706280464 10.98632812579.461606706280463 9.695434625 79.827622706280465 12.277221625tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-22768634911101889792012-11-27T19:05:00.001+01:002012-11-27T19:05:37.648+01:00GPS til kamera, del 3Med D2Hs og D2X kom Nikon med eit nytt grensesnitt til GPS'en. Denne gongen tok dei i bruk den etablerte, runde 10-pins-kontakta. Det same grensesnittet er brukt i alle seinare modellar med denne kontakta. Seinare (D90 og nyare modellar) har andre modellar som ikkje har denne 10-pins-kontakta, fått GPS-tilkobling i ei mindre kontakt.

Sjølv om datainnhaldet frå GPS'en fortsatt er det same, NMEA 0183, var ikkje dei elekroniske signala dei same lengre. For å kople til ein vanleg seriell GPS, måtte det til litt elektronisk tilpasning i ledningen. No var det altså ikkje så enkelt å lodde ledningen sjølv. Nikon leverte ein overgang, MC-35, som både var dyr og klumpete. pc-mobile.net leverer ein billegare, og meir elegant løysing som fungerer heilt greit.

Seriell-til-10-pins-overgang frå pc-mobile.net.

Med D200 som var det fyrste "billige" kamerahuset som hadde støtte for GPS, kom det etterkvart nokre oppskrifter på gjer-det-sjølv-GPS'ar på nettet. Men alle desse oppskriftene kravde at ein greidde å håndere loddebolten på eit litt meir avansert nivå enn det eg nokon gong har greidd.

Det kom etterkvart også kommersielle GPS'ar til Nikon-kamera. Desse GPS'ane har stort sett vore ein liten GPS på storleik med ein fyrstikkask, til å plassere i blitzskoen på kamera. GPS'en har så ein ledning til 10-pins-kontakta. Det er verdt å merke seg at plasseringa i blitzskoen bare er ein praktis plass å ha GPS'en. Dersom ein treng blitzskoen til andre ting, som til dømes ein blitz, kan GPS'en henge i ledningen.

Den fyrste dedikerte kamera-GPS'en eg hadde var ein Solmeta geotagger N2.

Solmeta geotagger N2

Av-på-knappen har 3 stillingar, off, auto og on. På auto slår GPS'en seg av og på i takt med kameraet, dette er bra med tanke på å spare batteriet, men ulempa er at ein alltid må vente litt for at GPS'en skal vera klar. På on er GPS'en alltid på, og altså alltid klar. Ettersom GPS'en har sitt eige batteri som varar i mange timar, er dette den posisjonen eg alltid brukte på dagsturar.

På overnattingsturar, utan moglegheit for lading undervegs, var eg meir forsiktig og brukte auto, eller slo GPS'en av og på ved behov. Dersom batteriet vert tomt, tar GPS'en straum frå kameraet, men då slår han seg av og på i takt med kameraet, uavhengig av om brytaren står på auto eller on. Dette er ein fornuftig straumstyring, og eg skulle ynskje at fleire av kamera-GPS'ane fungerte på same måte.

Denne GPS'en har også kompass, slik at fotoretningen også vert registrert (avhengig av at kameraet støtter dette). Dette avheng sjølvsagt av at GPS'en peikar same vegen som kameraet, i praksis at GPS'en er montert i blitzskoen. Men kompasset fungerer ikkje med kamera på høgkant. Nøyaktigheita på kompasset er også så dårleg at eg aldri har greidd å bruke desse dataene til noko fornuftig. Ideen er god, men i praksis fungerer det ikkje.

Ettersom GPS'en brukar same kontakt som fjernutløysaren, er denne, og dei fleste andre liknande kamera-GPS'ar, utstyrt med ei eigen kontakt for fjernutløysar. Denne kontakta er ei 2,5mm stereojackplugg, og ein låsbar fjernutløysar (lik den på øverste og på nederste biletet) fulgte med.

Svakheita, og det som til slutt tok livet av denne GPS'en, var kontakta mellom GPS'en og ledningen.

For å lade opp det innebygde batteriet, bytter ein ledningen med ein ladeledning som ein putter inn i næraste USB-kontakt. Men denne kontakta i GPS'en er av alt for dårleg kvalitet. Etter halvannan års bruk, byrja det å bli dårleg kontakt.For lading var det jo bare å lirke litt til ladelampa lyste, og så la GPS'en ligge heilt i ro.

For bruk på kameraet, var det også litt lirking i ledningen til GPS-symbolet på kamera på opp. Dersom ein ikkje var påpasseleg, skjedde det ikkje anna enn at koordinatane ikkje vart registrert. Det var i alle fall det eg trudde, heilt til eg missta bilete på grunn av denne dårlege kontakta.

Eg hadde aldri tenkt tanken på at eg kunne misste bilete på grunn av dårleg kontakt mellom kamera og GPS, før eg hadde ei økt med radiobasert fjernutløysar. Det viste seg etterpå at GPS'en ikkje hadde hatt kontakt med kamera, og ettersom fjernutløysaren var kopla via GPS'en, var det ikkje eksponert eit einaste bilete frå økta.

Etter dette har ikkje denne GPS'en vore brukt. Ettersom kontakta bare fungerer dårlegare og dårlegare, fungerer han heller ikkje som reserve-GPS lenger.

Eit misslukka forsøk på å erstatte Solmeta-GPS'en

Yongnuo N-918/N1.

Den avbilda GPS'en er ein heilt enkel kamera-GPS heilt utan instillingar. Legg merke til den elegante kamerakontakta som ligg fint oppover langs spegelhuset, i motsetning til dei to øverste bileta, der kontakta stikk rett ut og er i vegen for alt og alle. Denne kontakta er også det einaste positive eg har å skrive om denne GPS'en.

GPS'en vert kopla til kamera og slår seg av og på i takt med kamera. Men ettersom GPS'en slår seg av med kamera, tar det alltid litt tid for han å bli klar etter at kamera er slått på. I motsetning til andre andre GPS'ar eg har erfaring med, greier denne derimot ikkje ein såkalla varmstart. Ein vanleg GPS brukar til vanleg ca 45s på å slå seg på dersom han har vore avslått over eit lengre tidsrom, men dersom han har bare har vore avslått eit kortare tidsrom, treng han bare nokre sekund for å slå seg på. Det er slik GPS-systemet skal fungere.

Denne GPS'en fungerer i praksis ikkje, og er heilt verdilaus!

Denne GPS'en er derimot ikkje i stand til å gjera ein slik rask start. Om GPS'en bare har vore avslått ein sekund, treng han over minuttet på å slå seg på att, så lenge er det sjeldan at kameraet mitt er aktivt. I tillegg har han eit minne som forsyner kamera med siste posisjon, det vil seie den posisjonen som ein var sist kamera var aktivt lenge nok til at GPS'en fekk starta opp ordentleg, dette kan vera veker eller månader sidan. Resultatet er at det ser ut som GPS'en er klar, ettersom GPS-symbolet på kamera lyser. Blinkinga på sjølve GPS'en er også så lik før og etter GPS'en har funne posisjonen sin, at ein aldri veit om ein får riktig posisjon eller ikkje. GPS'en fungerer rett og slett ikkje i praksis, og er i altså heilt verdilaus.

Mitt råd når det gjeld Yongnuo N-918/N1:

STYR UNNA!Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-16306738200151692072012-11-06T18:07:00.000+01:002012-11-06T18:07:42.772+01:00GPS til kamera, del 2Mitt fyrste digitale kamera var ein Nikon D1X. Dette kameraet hadde
moglegheit for å kople til GPS for å registrere koordinatar i
biletefilene. Dette kameraet og D1H hadde ei eigen kontakt til GPS, ei
2,5mm stereojackkontakt.

Ettersom det ikkje var nokon kommersielle løysingar
tilgjenge, måtte ein lage ledningen sjølv. Det er litt forunderleg å
lese bruksanvisninga der det står at ein ikkje må bruke utstyr frå andre
produsentar ettersom dette kan skade kameraet. Men når ein kjem til
kapittelet om GPS, står det at no må ein fram med loddebolten og lodde
sjølv. Data-inn skulle matast på den innerste ringen, den midterste
ringen var jord, og tuppen vart ikkje brukt. Dataene skulle sendast som
NMEA 0183 versjon 2.0.1 med 4800b/s.

Mi fyrste GPS-løysing til dette kameraet var ein lånt Garmin GPS
76. Denne GPS-en hadde ei rund kontakt med fire pinnar, straum inn, data
inn, data, ut og jord. Ettersom GPS-en var lånt og budsjettet tomt,
måtte eg lage ledningen av luft og kjærleik, og ellers det eg måtte ha
tilgjengeleg. 2,5mm stereojackplugg fann eg i enden av eit øydelagt
håndfrisett til ein mobiltelefon. Ettersom ledningen satt fast i denne
enden, var det bare å lage ein plugg som passa i GPS-en, og løysinga var
ferdig. denne pluggen støypte eg av limpistollim. Dette vart ei løysing
som ikkje var veldig robust, og vart bare brukt på dei bileta der
koordinatane hadde ein litt større verdi. Men det fungerte heile tida
fram til eg fekk meg min eigen GPS.

Etter ei tid fekk eg tak i ein billig Garmin Etrex. Til denne
fekk eg tak i ferdig kontakt med ledning til GPS-en. Denne ledingen
lodda eg så rett inn på den tidlegare nevnte håndfrisettledningen. No
hadde eg endeleg min fyrste robuste GPS-løysing til kameraet. GPS-en var
liten nok til å ligge i fotoveska, og han vart derfor brukt på alle
bileta.

Neste GPS var ein Garmin GPSmap 60X. Denne var noko større enn den gule Etrex'en, men hadde kart, noko som
gjorde han meir interessant som eit orienteringsverktøy. For å ikkje
trenge bera med meg 2 GPS-ar når eg var på tur, måtte eg sjølvsagt lage
meg ein ny ledning til den nye GPS-en. Denne gongen fekk eg tak i ein plugg utan ledning til GPS-en. Eg valde å ikkje øydelegge den gamle ledingen, og måtte derfor få tak i ein 2,5mm jackplugg. Ledning med 3,5mm stereojackplugg i begge endar hadde eg allereie, og når eg fann ein overgangsledning til 2,5mm, valde eg å bruke desse. Det vil seie at eg delte ledningen med 3,5mm plugg i to og lodda den eine av desse til GPS-pluggen. Så bruke eg overgangen for at dette skulle passe i kameraet. Denne ledningen var langt frå så robust som den fyrste ledingen min. Derfor har denne vorte reparert mange gonger, og ledningen er bytta ut med den andre enden av ledningen, og seinare er jackpluggen bytta ut. Til sist er heile ledningen bytta ut att. Det som ein har laga sjølv, er heldigvis greit å reparere sjølv også.

Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-32867203512832815292012-10-11T19:51:00.002+02:002012-10-11T19:51:46.863+02:00GPS til kamera, del 1Ettersom utdanning og yrke er innanfor digitale kart, er det heilt naturleg at også bileta mine har koordinatar. Frå det fyrste digitale kamera eg hadde, har eg kopla GPS til kamera. Slik får eg automatisk registrert kvar bileta mine er frå. Når ein har vore på ein lengre tur, gjer dette det enkelt å finne ut kvar kvart bilete er frå. Men den viktigaste funksjonen er kanskje at det gjer det enkelt å søke opp bilete frå eit bestemt geografisk område, rett frå kartet.

På mitt fyrste digitale kamera, måtte eg sjølv lodde saman ein leidning mellom GPS'en og kameraet. Seinare har slike løysingar vore å få ferdig. Men ikkje alle løysingane, verken eigenlodda eller ferdigkjøpte, har fungert like bra.

I nokre artiklar framover, skal eg ta for meg kvar enkelt løysing eg har brukt, og kommentere kva som har fungert og kva som ikkje har fungert.

Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-10893066188049756552012-09-27T21:26:00.003+02:002012-10-11T19:40:32.013+02:00Minner om tidlegare tiders jakt og fangstNo når haustjakta er godt i gang og ein sit inne i varmen etter ein lang dag ute i sola, er det tid for å reflektere over korleis forfedrane våre dreiv.

Kva dette har vore, veit eg ikkje, men det er ingen tvil om at det er spor etter menneskeleg aktivitet. Og i dette området var det nok rein dei var ute etter.

Litt meir frå same området.

Denne dyregrava er ei av dei aller finaste eg har sett. Grava er omlag to meter djup, og smalast på toppen.

Det er gjerne ledegjerda som røper grava for ein tilfeldig fjellvandrar. Nokre stader fører ledegjerdet til neste grav. Andre stader sperrer den eine grava og tilhøyrande ledegjerde, effektiv av ein trong passasje.

Slik kan ei dyregrav sjå ut nedanfrå.

Det er ikkje vanskeleg å finne dyregraver. Dei er det mange av, og dei er lett synleg. Ein pilspiss er derimot ikkje så lett å få auge på. Men dersom ein er heldig, kan ein slik openbare seg framom føtene sine. Det var kanskje 1000 år sidan nokon hadde sett denne pilspissen før eg fann han. Etter kulturminneloven, er slike lause fornminne statens eigedom, så det er ikkje bare å ta det med seg. Denne pilspissen let eg ligge der han låg. Kanskje går det 1000 år til neste gong ein fjellvandrar før gleda av å finne den same spissen, og får den same fornemmelsen av at ein skinnkledd er i nærleiken.

I dag synest me at 4 elg på 3 dagar er dårleg utbytte, men me treng ikkje gå svolten til sengs sjølv om jakta feiler. Kor mykje dei skinnkledte fekk på ein god dag, veit eg ikkje, men utan fangst, hadde dei ikkje mat. Livet deira var altså avhengig av at dyregrava vart fylt, eller at pilspissen gav viltet eit dødeleg sår. Det var kanskje ei lita katastrofe å miste den dyrebare pilspissen.Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-7681793342466851882012-06-08T21:02:00.000+02:002012-06-09T14:52:12.964+02:00Fjortende Julibukta i Krossfjorden

Då me kom i land i Fjortende Julibukta, fann reinane som gjekk der det tryggast å trekke seg unna, rett til fjells.

Då vart det heller å fotografere breen.

Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Fjortende Julibukta, Krossfjorden, Svalbard79.124277190640015 11.89682006835937579.112293190640017 11.817856068359376 79.136261190640013 11.975784068359374tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-63567020553415073332012-05-05T18:45:00.000+02:002012-05-05T18:45:10.801+02:00Eit lite stykke jernbane

Etter at Finsetunellen vart åpna for nokre år sidan, har det ikkje gått tog på dei gamle skinnene, men dei er heller ikkje rydda vekk. Så sjølv vinterstid er det stykkevis at dei gamle skinnene ligg oppe i dagen der snøen er blåst vekk.Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Lågheller60.651983901530741 7.328052520751953160.648092901530738 7.3181820207519532 60.655874901530744 7.337923020751953tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-17230140095512118642012-04-30T15:25:00.000+02:002012-04-30T15:25:25.124+02:00Monstermaster og nasjonalpark

Fjellet er voldteken av sivilisasjonen. For at innbyggerane i Oslo skal ha lys i lampa og varme i panelovnane sine, har fjellet fått blø. Fjellvatna har vorte demt opp og elvene lagt i røyr for å kunne produsere straum. Men det er ikkje nok. For at straumen skal koma til byen, har det vorte bygd store høgspentlinjer på kryss og tvers av fjella våre.

Det er heller ikkje nok med ei høgspentlinje for å transportere straumen. Det må gjerne til 2 linjer, eller til og med 3 enkelte stader.

I bakgrunnen troner Hallingskarvet som har nasjonalparkstatus, og med det vert marknadsført som urørt natur. Men det er nok mest symbolpolitikk. Kanskje er alle dei små verneområda våre mest av alt eit teikn på kor mykje resten av naturen er nedbygd.

Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Ulvik, Aurland, Hallingskarvet60.648954953475844 7.250976562560.399759453475845 6.6192625625 60.898150453475843 7.8826905625tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-24721854240048723882012-02-15T21:23:00.001+01:002012-02-23T18:05:08.175+01:00Trening til Grønlandstur

Hausten 2011 var eg på ein ferietur til Nordaust-Grønland. For å få mest mogleg ut av turen, gjorde eg nokre forberedingar. Ein av desse var ein tur til Sunnmøre og Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. På same turen, fekk eg ein tur på fjorden for å trene på fuglefotografering. Med eit par flyndrer som åte, var det ikkje vanskeleg å få nærkontakt med måkene. Ikkje heilt det same som havhest, men artig var det likevel.

Bilder frå Grønlandsturen kjem seinare.Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Sunnmøre62.2961870577775 5.761985778808593862.2888045577775 5.742244778808594 62.3035695577775 5.7817267788085935tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-26157043267094733242012-01-11T18:59:00.000+01:002012-01-11T18:59:20.821+01:00Røyskatt

Røyskatten er å finne i heile landet og trivst der det er nokre steinar å gøyme seg imellom. Ei røys eller ei ur, eller kanskje ein gamal kjellar. Denne krabaten fotograferte eg i ei dyregrav som eingong var meint på rein.

Røyskatt er eit rovdyr som lever godt på smågnagarar. Så dersom du har ein røyskatt i kjellaren på hytta, så held han musa unna.

Røyskatten er nysgjerrig så det held. Når ein fyrst har fått auge på han, kan ein ha underhaldning i lang tid. Men fotografen får aldri lang tid på kvart forsøk, før røyskatten forsvinn i ura att, for å koma fram att ein heilt annan plass. Men med litt tålmod, vert sjansane mange nok.Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Breadalen60.779110415766993 8.402824401855468860.763604415766991 8.36334240185547 60.794616415766995 8.4423064018554683tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-82981035816922756532012-01-06T20:18:00.000+01:002012-01-06T20:18:46.639+01:00Elgjakt

Dei siste åra har me hatt utvida elgjakt fram til jul. I haust var derimot kvota redusert til 16 dyr, så då låg det an til rask jakt. Etter 7 dagar var me ferdig. Det er i alle fall det raskast eg har vore med på å fylle kvota, men så har eg heller ikkje vore med på å jakte på så lita kvote før.

Nokre tidlegare rekordar eg har vore med på i jaktlaget, er 30 felte elg i løpet av dei 7 fyrste dagane i jakta. 7 felte elg på ein dag er det meste eg har vore med på, men det har skjedd fleire gonger. 45 felte elg på ein haust har eg også vore med på 2 haustar. Det meste som har stått att på kvota etter jakta var slutt, er 15 elg, det skjedde den eine hausten me felte 45 elg.

Det meste av jakta foregår i skogen, men eg likar meg best på snaufjellet, så eg går høgast mogleg dersom eg får sjansen til det. Den høgastliggande posten eg har hatt ligg på omlag 1200 moh.

I 2010 vart jaktlaget portrettert i bladet Hjorteviltet og i Jeger Hund & Våpen sitt elg-temanummer. Lokalavisa Hallingdølen har også skrive om oss nokre gonger, seinast i 2011. For nokre år sidan hadde me besøk av eit serbisk TV-team som filma oss nokre dagar, så det vart eit halvtimes program på serbisk TV.Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Seterdalen60.421309904895708 8.3358764648437560.389951404895704 8.25691246484375 60.452668404895711 8.41484046484375tag:blogger.com,1999:blog-557855302615332064.post-46106089584408831672011-11-25T16:38:00.001+01:002011-11-28T16:02:05.042+01:00Nesbø

No ser det endeleg ut til å koma litt snø, men temperaturen dei næraste dagane er skummelt høge, så det spørst kor høgt ein må for at han får ligge.

Bildet er frå Nesbø i Aurlandsdalen tidlegare i haust.

Det går an å krysse Aurlandsdalen akkurat her. Eg har sjølv gjort det, men det er ikkje noko eg kan anbefale.

Asle Fetenhttp://www.blogger.com/profile/14095067957687272098noreply@blogger.com0Nesbø60.828316329226077 7.480552196502685560.827348829226075 7.4780846965026857 60.829283829226078 7.4830196965026854