mandag 30. april 2012

Monstermaster og nasjonalpark

Fjellet er voldteken av sivilisasjonen. For at innbyggerane i Oslo skal ha lys i lampa og varme i panelovnane sine, har fjellet fått blø. Fjellvatna har vorte demt opp og elvene lagt i røyr for å kunne produsere straum. Men det er ikkje nok. For at straumen skal koma til byen, har det vorte bygd store høgspentlinjer på kryss og tvers av fjella våre.

Det er heller ikkje nok med ei høgspentlinje for å transportere straumen. Det må gjerne til 2 linjer, eller til og med 3 enkelte stader.

I bakgrunnen troner Hallingskarvet som har nasjonalparkstatus, og med det vert marknadsført som urørt natur. Men det er nok mest symbolpolitikk. Kanskje er alle dei små verneområda våre mest av alt eit teikn på kor mykje resten av naturen er nedbygd.