fredag 9. desember 2022

Gratulere Hol Høgre

De lykkast til slutt med å legge ned endå ei grendeskule. 

Dette skjer i samband med budsjettbehandling, så ein må forvente at det er økonomiske innsparingar som er motivet. 

Hol kommune bruker 5 millionar kr årleg på stigar og skiløyper, og Hol Høgre, med støtte av Venstre og mesteparten av Arbeiderpartiet, meiner at det er viktigare enn grendeskuler. Slik dette framstår no, er det skuleelevar  frå Dagali og Skurdalen som skal vera med på å finasiere skiløyper for hytteturistar på Geilo, ved å tilbringe fritida si i buss å veg til og frå lovpålgt skule.

Hol kommune vert mindre attraktivt å bu i for kvar grendeskule som vert lagt ned og for kvar ny hytte som vert bygd. Høgre er meistrar på å arbeide for begge deler.