onsdag 5. november 2014

Isbjørnviku

Ettersom me er midt i isbjørviku er det på sin plass å ta fram nokre isbjørbilete.


fredag 23. mai 2014

Lesetips Svalbard

I den seinare tida har Kartverket lagt ut mykje kartdata for fri nedlasting. Dette er data som likevel ikkje er så tilgjengeleg for folk flest, ettersom det krevst noko kompetanse for å bruke det. Men Kartverket har også nokre produkt som dei er mindre kjent for, og som også har vorte tilgengeleg for nedlasting. Den norske los er eit slikt produkt.

Den norske los er eit oppslagsverk som fungerer som eit supplement til sjøkart. Sjølv er eg å rekne som landkrabbe, og farvatnsbeskriving er langt utanfor mitt interessefelt. Men eg har vore interessert i Svalbard i lang tid og har lese det meste eg har kome over av litteratur om denne øygruppa. Det er utgjeve mykje litteratur om Svalbard det siste hundreåret, og mange av desse bøkene er reine presentasjonar av Svalbard der mykje av innhaldet er attkjennande frå den eine boka til den andre, og der hovudfokuset er på land. Men ei bok utmerkar seg ved å vera heilt ulik alle andre, og det er det 7. bindet av Den norske los. I tillegg til å vera seilingsvegleiar, tar også boka for seg mykje av kva ein kan oppleva på land. Eg har ei tidlegare utgåve av boka, og fortrekk nok boka når eg skal kose meg med lesinga. Men den nedlastbare versjonen er søkbar og derfor godt eigna som oppslagsverk. At fila er gratis og lett tilgjengeleg, gjer at alle Svalbardinteresserte bør kjenne til dette verket.