mandag 16. september 2019

Vinterer kjem stadig nærare

Det er ikkje fyrste snøen i haust. Men det er fyrste morgonen eg har vakna og faktis sett nysnøen. Tidlegare har det vore overskya eller bare mørkt. I dag var det klarver og nesten fullmåne.




onsdag 6. mars 2019

"En turfjellski må være robust og pålitelig, tur etter tur."

Langtesten av Fisher E99 fjellski

Fisher sine nettsider står det:
En turfjellski må være robust og pålitelig, tur etter tur. E99 Easy Skin er kjent for nettopp dette, en stålkantski utviklet for turer og ekspedisjoner.

Då skulle dette vera ski som passar perfekt for min bruk, sjølv om eg ikkje driv med ekspedisjonar.

Den siste halvannan skisesong har eg blant anna brukt eit par ski av denne modellen på enkle fjellturar med lett sekk. Eg har fleire ski og vel ski etter forholda og kva slags tur eg skal på, så desse skia har ikkje vore på overnattingstur, og dei har heller ikkje vore på turar med hard nedoverkøyring.

Likevel har stålkantane sprukke opp og forrige sundag byrja fyrst ein stålkant, så ein annan stålkant å låsne. Etter mitt syn, skulle dette vera ein veldig klar reklamasjon. Eg har erfaring med at Åsnes har vore flinke på tilsvarande reklamasjonar på deira modellar.

Fisher sitt svar var derimot ikkje så tillitvekkande:
…resultat av for hard belastning over tid…
Fisher godtek altså ikkje dette som reklamasjon, men dei tilgyr meg nye ski for halv pris. Eg er heilt enig med Fisher i at ei fjellski må vera robust og påliteleg. Når dei samtidig seier at min bruk, fjellturar med lett sekk, er for hard belastning for skimodellen, så er valget mitt enkelt. Men det vart ei dyrkjøpt erfaring for min del, eit raskt overslag seier meg at desse skia har kosta meg 50-100 kroner pr. tur.

Det vert ikkje fleire Fisher-fjellski på meg. Når eg kjøper fjellski, må produsenten gå god for at skia skal tåle å brukast som fjellski, noko Fisher heilt tydeleg ikkje gjer.

tirsdag 27. november 2018

Skoddeboge

Nokre gonger kan ein planlegge bileta, andre gonger er det meir tilfeldig at ein er på rett plass til rett tid. Denne gongen var eg akkurat på toppen av skodda då sola stod akkurat i riktig vinkel til å lage ein skoddeboge rundt Storebrea.


Ring rundt Storebrea av Asle Feten, på Flickr.

torsdag 22. november 2018

Nedre Demmevatnet og jøkullaup

Demmevatnet er ein bredemt innsjø, det vil seie at det er brefallet Rembesdalskåka som demmer opp vatnet. Dersom vasstrykket vert større enn breen greier å stå i mot, vil breen flyte opp og vatnet fosse ut under breen. Dette har skjedd ei rekke gonger i Demmevatn, men med ulike forløp, so har gjeve langvarig flaum eller kortvarig katastrofeflaum.
1. august 1893 skjedde dette. Vannstanden før jøkullaupet var omlag 1310moh, vatndjupen ved brekanten var over 100m. 35 mill. m³ vatn fløymde ut i Simadalen i løpet av 24 timar med midlare vassføring på 400m³/s og førte sjølvsagt til store øydeleggingar.
17. august 1897 skjedde det på ny. Denne gongen rann vatnet over isen, og smelta seg ei renne i breen. Demmevatn tømte seg slik i løpet av 26 dagar, noko som vil gav midlare vassføring på 15m³/2 i tillegg til vassføringa inn i Demmevatn som var omlag 4m³/s.

I 1899 var det ferdig ein tunnel slik at det vart eit permenent utløp 1286 moh og det bredemte volumet var redusert til 11,6 mill. m³.
Det skulle vise seg at dette heller ikkje var nok for å avverge øydeleggane jøkullaup.
10. august 1937 tømte Nedre Demmevatn seg att og 11,6 mill. m³ rann ut i løpet av 3,5 time, altså midlare vassføring på 900m³/s. Og gardana i Simadalen var på ny råka av totaløydeleggande flaum. Etter denne ulukka, var Nedre Demmevatn atter senka med ein ny tunnel 1239moh.

I forbindelse med kraftutbygging, vart det i 1973 bygd endå ein ny tunnell på 1238,6moh, denne gongen for å føre vatnet til Holmavatn. Opplodding ved brekanten er målt 26,3 meters djup med botn på 1212moh. Etter at Rembesdalsvatnet vart oppdemt, har jøkullaup endt i Rembesdalsvatnet og vorte stoppa der.

kilde: Jøkullaup fra Demmevatn av Hallgeir Elvehøy, Jack Kohler, Runde Engeset og Liss M. Andreassen. NVE Rapport 17 1997.

I november 2018 var Nedre Demmevatn heilt tomt.

Nedre Demmevatnet av Asle Feten, på Flick.

Demmevasshytta som vart bygd i samband med tunneldrivinga sist på 1800-talet, og som seinare har vorte turisthytte, ligg rett utanfor høgre biletkant.


torsdag 22. desember 2016

Inspirert av Kåre Tveter

Eg var innom Galleri Svalbard i 2009, der vart eg heilt bergteken av dei nesten heilt kvite bileta til Kåre Tveter. Den store kvite flata med antydinga av eit landskap i det kvite, var noko som traff noko inni meg. Det handlar nok om at Tveter hadde greidd å lage bilete av det eg har sett i fjellet i snø og skodde så ofte.

Eg har prøvd å skape liknande bilete sjølv. Det er ikkje enkelt, det er ein hårfin ballansegang mellom heilt kvitt og for mykje detaljar.

Dette bilete vart til i Liefdefjorden på nordsida av Svalbard nokre dagar seinare. Sjølv om det ikkje kjem klart fram, er det eit sumarbilete. Men skodde og snø, eller i dette tilfellet ein bre, er det same uansett årstid.


Dette er eit haustbilete frå Svalbard i 2011. I Kongsfjorden, ikkje langt frå Ny Ålesund. Det er ikkje snø som gjer det kvitt i dette tilfellet, bare den tjukke skodda som låg over fjorden.

Tilslutt har eit bilete frå nyttårseftan 2015 frå heimlege trakter. Denne gongen er det ekte vare med snø, skodde og vinter. For dei som ikkje kjenner seg att, kan eg nevne at det er frå Vesle Hengsvatnet.

Bilete på ein liten dataskjerm kan derimot aldri gje det same sterke inntrykket som ein får av dei store bileta på Galleri Svalbard. Eg vil anbefale alle å stikke innom galleriet får å sjå Kåre Tveter samlinga, dersom ein likevel er i Longyearbyen.

mandag 11. januar 2016

Isroser

Når véret endrar seg frå mildt og fuktig til kaldt, er det forhold for isroser. Når ein er heldig og kan kombinere dette med dei riktige lysforholda, er det mogleg å få spanande bilete med uendeleg mange variasjonar i mønsteret.


















onsdag 29. april 2015

GPS til kamera, del 4

Då eg skreiv dei andre delane, trudde eg at eg hadde funne ei løysing som fungerte. Der tok eg feil, og det viser kor viktig det er med ordentleg utprøving før ein konkluderer.

Blåtann GPS og Aokatec Ak-4NII blåtannplugg

Aokatec Ak-4NII er ein liten plugg til å setje i kontakta på kamera. Pluggen koblar seg så til ein blåtann-GPS i nærleiken. Dette er tilsynelatande ein elegant løysing, ikkje minst med tanke på at det er trådlaust. Pluggen er akkurat stor nok til å feste ein navnelapp på. Men han er så liten at ein ikkje vil greie å finne han att dersom ein mastar han. Det siste er derimot løyst med ei lita snor som ein fester i auga til kamerareima. Og denne snora er heilt naudsynt, for pluggen ramlar ut i tide og utide. Med GPS som står på heile tida, unngår ein problem med oppstartstid, men batteribruken vert større.

Det fyrste problemet dukkar opp når batteriet i GPS-en går tomt. På langtur, vert ein avhengig av to ulike batterityper. Logistikken er langt enklare når GPS-en brukar straum frå kamerabatteriet. Til dagleg bruk, må ein bare hugse på å lade opp GPS-batteriet ofte nok.

Det andre problemet dukka opp då GPS-en brått forsvann. Med små, lause objekt i fotoveska, er det alltid ein risiko for at noko kan ramle ut. GPS-en forsvann truleg i forbindelse med dei fyrste bileta om dagen, og at eg tok GPS-en opp for å slå han på. Han var i alle fall borte seinare på dagen. Ettersom dette skjedde midt i elgjakta, og eg ikkje hadde moglegheit til å koma meg i nokon butikk på dagtid, måtte eg låne meg ein blåtann-GPS.

GPS-en eg fekk lånt meg, hadde sin eigen batterisparefunksjon. Dersom ingenting var kobla til i nokre minutt, slo han seg av. Det vil seie at dersom pluggen ramla ut av kamera, slo GPS-en seg av. På grunn av dette, måtte eg stadig vekk vente på at GPS-en fekk fiks. Eg passa sjølvsagt på å unngå slik batterisparefunksjon når eg kjøpte meg ny blåtann-GPS.

Når eg har nevnt dei praktiske problema med løysinga, er det på tide å nevne dei begrensingane som produsenten har bakt inn i produktet. Dei fleste blåtann-GPS-ane har dårleg eller ingen visning av kor god kvalitet det er på posisjonen. Dette er ikkje ulikt dei andre dedikerte kamera-GPS-ane. Men Aokatec har gjort heilt uforståeleg valg ved at dei endrar dataene frå GPS-en slik at kamera får beskjed om at det alltid er 4 satelittar som er grunnlag for posisjonen. Det er derfor ingen moglegheit å vurdere kvaliteten i ettertid. Fy skam på Aokatec for dette valget.

Aokatec Ak-G1s

I motsetning til blåtannpluggen over, er Ak-G1s ein plugg med GPS inne i pluggen. Denne GPS-en er altså ein mini kamera-GPS som brukar straum frå kamerabatteriet. Pluggen er omlag dobelt så stor som blåtann-pluggen.

I likheit med blåtann-pluggen over, har også denne ei snor til å feste i auga til kamerareima. Så lenge det er batteri i kamera, er deet straum til GPS-en. GPS-en har også av-på-knapp, slik at han kan slåast av for å spare batteri.

Problemet er at GPS-en har innebygd batterisparefunksjon. GPS-en slår seg av og på saman med at ein aktiverer kameraet. Det vil seie at GPS-en må startast opp kvar einaste gong ein tar opp kamera. Kor lang tid GPS-en brukar på å få fiks, er avhengig av kor lenge sidan han var aktivert sist. Ved sporadisk fotografering gjennom dagen, kunne det bli mykje venting, men stort sett ikkje uproblematisk mykje venting med dei riktige rutinene. Dersom ein passar på at kameraet vert aktivert med eingong ein tar det opp, har GPS-en som oftast fiks før ein rekk å søke, fokusere og fotografere.

Det store problemet med lang oppstartstid dukkar opp når ein flytt seg langt over kort tid. GPS-en greier ikkje å få den fyrste fiksen etter oppstart når ein har stor fart. Ein innebygd funksjon i GPS-en gjer at han sender siste posisjon til kameraet. Dette er ein funksjon som er tenkt å vera lur dersom ein er inne eller andre plassar med dårleg satelittsikt, og ein held seg på same plassen. I fly har ikkje ein kvarter gamal posisjon nokon verdi. I tillegg til å sende verdilause posisjonar, held klokka i GPS-en seg oppdatert, og det er heile tida riktig klokkeslett som vert sendt til kamera, ikkje tidspunktet for posisjonen som vert sendt. Denne kombinsjonen gjer at det ikkje lar seg gjera å plukke ut kva for bilete som har fått riktig posisjon, og kva for bilete som har fått ein gaman posisjon. Til bruk i fly og helikopter, er denne GPS-en ubrukeleg.

Som blåtann-pluggen, rapporterer denne GPS-en også alltid 4 satelittar, uavhengig av kor mange som har vore grunnlag for posisjonen, og uavhenig av om posisjonen er fersk eller gamal. Fy skam på Aokatec for dette valget. 

Konklusjon

Til tross for desse problema, er dette 2 ulike løysinga som eg har lang erfaring med. Og eg kan ikkje beint fram fråråde nokon av løysingane, dersom ein er kjent med begrensingane og kan forhalde seg til det.

Av dei løysingane eg presentert i dei 4 fyrste delane, er det bare Garmin-GPS-en som er fullgod teknisk og som gjev full kontroll på posisjonskvaliteten. Men den store einingen i kombinasjon med ledning, gjer det likevel til ein mindre eigna løysing til dagleg fotografering.