torsdag 11. oktober 2012

GPS til kamera, del 1

Ettersom utdanning og yrke er innanfor digitale kart, er det heilt naturleg at også bileta mine har koordinatar. Frå det fyrste digitale kamera eg hadde, har eg kopla GPS til kamera. Slik får eg automatisk registrert kvar bileta mine er frå. Når ein har vore på ein lengre tur, gjer dette det enkelt å finne ut kvar kvart bilete er frå. Men den viktigaste funksjonen er kanskje at det gjer det enkelt å søke opp bilete frå eit bestemt geografisk område, rett frå kartet.

På mitt fyrste digitale kamera, måtte eg sjølv lodde saman ein leidning mellom GPS'en og kameraet. Seinare har slike løysingar vore å få ferdig. Men ikkje alle løysingane, verken eigenlodda eller ferdigkjøpte, har fungert like bra.

I nokre artiklar framover, skal eg ta for meg kvar enkelt løysing eg har brukt, og kommentere kva som har fungert og kva som ikkje har fungert.