torsdag 27. september 2012

Minner om tidlegare tiders jakt og fangst

No når haustjakta er godt i gang og ein sit inne i varmen etter ein lang dag ute i sola, er det tid for å reflektere over korleis forfedrane våre dreiv.
Kva dette har vore, veit eg ikkje, men det er ingen tvil om at det er spor etter menneskeleg aktivitet. Og i dette området var det nok rein dei var ute etter.
Litt meir frå same området.
Denne dyregrava er ei av dei aller finaste eg har sett. Grava er omlag to meter djup, og smalast på toppen.
Det er gjerne ledegjerda som røper grava for ein tilfeldig fjellvandrar. Nokre stader fører ledegjerdet til neste grav. Andre stader sperrer den eine grava og tilhøyrande ledegjerde, effektiv av ein trong passasje.
Slik kan ei dyregrav sjå ut nedanfrå.
Det er ikkje vanskeleg å finne dyregraver. Dei er det mange av, og dei er lett synleg. Ein pilspiss er derimot ikkje så lett å få auge på. Men dersom ein er heldig, kan ein slik openbare seg framom føtene sine. Det var kanskje 1000 år sidan nokon hadde sett denne pilspissen før eg fann han. Etter kulturminneloven, er slike lause fornminne statens eigedom, så det er ikkje bare å ta det med seg. Denne pilspissen let eg ligge der han låg. Kanskje går det 1000 år til neste gong ein fjellvandrar før gleda av å finne den same spissen, og får den same fornemmelsen av at ein skinnkledd er i nærleiken.
I dag synest me at 4 elg på 3 dagar er dårleg utbytte, men me treng ikkje gå svolten til sengs sjølv om jakta feiler. Kor mykje dei skinnkledte fekk på ein god dag, veit eg ikkje, men utan fangst, hadde dei ikkje mat. Livet deira var altså avhengig av at dyregrava vart fylt, eller at pilspissen gav viltet eit dødeleg sår. Det var kanskje ei lita katastrofe å miste den dyrebare pilspissen.