tirsdag 27. november 2012

GPS til kamera, del 3

Med D2Hs og D2X kom Nikon med eit nytt grensesnitt til GPS'en. Denne gongen tok dei i bruk den etablerte, runde 10-pins-kontakta. Det same grensesnittet er brukt i alle seinare modellar med denne kontakta. Seinare (D90 og nyare modellar) har andre modellar som ikkje har denne 10-pins-kontakta, fått GPS-tilkobling i ei mindre kontakt.

Sjølv om datainnhaldet frå GPS'en fortsatt er det same, NMEA 0183, var ikkje dei elekroniske signala dei same lengre. For å kople til ein vanleg seriell GPS, måtte det til litt elektronisk tilpasning i ledningen. No var det altså ikkje så enkelt å lodde ledningen sjølv. Nikon leverte ein overgang, MC-35, som både var dyr og klumpete. pc-mobile.net leverer ein billegare, og meir elegant løysing som fungerer heilt greit.

Seriell-til-10-pins-overgang frå pc-mobile.net.


Med D200 som var det fyrste "billige" kamerahuset som hadde støtte for GPS, kom det etterkvart nokre oppskrifter på gjer-det-sjølv-GPS'ar på nettet. Men alle desse oppskriftene kravde at ein greidde å håndere loddebolten på eit litt meir avansert nivå enn det eg nokon gong har greidd.

Det kom etterkvart også kommersielle GPS'ar til Nikon-kamera. Desse GPS'ane har stort sett vore ein liten GPS på storleik med ein fyrstikkask, til å plassere i blitzskoen på kamera. GPS'en har så ein ledning til 10-pins-kontakta. Det er verdt å merke seg at plasseringa i blitzskoen bare er ein praktis plass å ha GPS'en. Dersom ein treng blitzskoen til andre ting, som til dømes ein blitz, kan GPS'en henge i ledningen.

 

Den fyrste dedikerte kamera-GPS'en eg hadde var ein Solmeta geotagger N2

Solmeta geotagger N2

Av-på-knappen har 3 stillingar, off, auto og on. På auto slår GPS'en seg av og på i takt med kameraet, dette er bra med tanke på å spare batteriet, men ulempa er at ein alltid må vente litt for at GPS'en skal vera klar. På on er GPS'en alltid på, og altså alltid klar. Ettersom GPS'en har sitt eige batteri som varar i mange timar, er dette den posisjonen eg alltid brukte på dagsturar.
På overnattingsturar, utan moglegheit for lading undervegs, var eg meir forsiktig og brukte auto, eller slo GPS'en av og på ved behov. Dersom batteriet vert tomt, tar GPS'en straum frå kameraet, men då slår han seg av og på i takt med kameraet, uavhengig av om brytaren står på auto eller on. Dette er ein fornuftig straumstyring, og eg skulle ynskje at fleire av kamera-GPS'ane fungerte på same måte.

Denne GPS'en har også kompass, slik at fotoretningen også vert registrert (avhengig av at kameraet støtter dette). Dette avheng sjølvsagt av at GPS'en peikar same vegen som kameraet, i praksis at GPS'en er montert i blitzskoen. Men kompasset fungerer ikkje med kamera på høgkant. Nøyaktigheita på kompasset er også så dårleg at eg aldri har greidd å bruke desse dataene til noko fornuftig. Ideen er god, men i praksis fungerer det ikkje.

Ettersom GPS'en brukar same kontakt som fjernutløysaren, er denne, og dei fleste andre liknande kamera-GPS'ar, utstyrt med ei eigen kontakt for fjernutløysar. Denne kontakta er ei 2,5mm stereojackplugg, og ein låsbar fjernutløysar (lik den på øverste og på nederste biletet) fulgte med.

Svakheita, og det som til slutt tok livet av denne GPS'en, var kontakta mellom GPS'en og ledningen.


For å lade opp det innebygde batteriet, bytter ein ledningen med ein ladeledning som ein putter inn i næraste USB-kontakt. Men denne kontakta i GPS'en er av alt for dårleg kvalitet. Etter halvannan års bruk, byrja det å bli dårleg kontakt.For lading var det jo bare å lirke litt til ladelampa lyste, og så la GPS'en ligge heilt i ro.
For bruk på kameraet, var det også litt lirking i ledningen til GPS-symbolet på kamera på opp. Dersom ein ikkje var påpasseleg, skjedde det ikkje anna enn at koordinatane ikkje vart registrert. Det var i alle fall det eg trudde, heilt til eg missta bilete på grunn av denne dårlege kontakta.

Eg hadde aldri tenkt tanken på at eg kunne misste bilete på grunn av dårleg kontakt mellom kamera og GPS, før eg hadde ei økt med radiobasert fjernutløysar. Det viste seg etterpå at GPS'en ikkje hadde hatt kontakt med kamera, og ettersom fjernutløysaren var kopla via GPS'en, var det ikkje eksponert eit einaste bilete frå økta.

Etter dette har ikkje denne GPS'en vore brukt. Ettersom kontakta bare fungerer dårlegare og dårlegare, fungerer han heller ikkje som reserve-GPS lenger.

Eit misslukka forsøk på å erstatte Solmeta-GPS'en

Yongnuo N-918/N1.
Den avbilda GPS'en er ein heilt enkel kamera-GPS heilt utan instillingar. Legg merke til den elegante kamerakontakta som ligg fint oppover langs spegelhuset, i motsetning til dei to øverste bileta, der kontakta stikk rett ut og er i vegen for alt og alle. Denne kontakta er også det einaste positive eg har å skrive om denne GPS'en.

GPS'en vert kopla til kamera og slår seg av og på i takt med kamera. Men ettersom GPS'en slår seg av med kamera, tar det alltid litt tid for han å bli klar etter at kamera er slått på. I motsetning til andre andre GPS'ar eg har erfaring med, greier denne derimot ikkje ein såkalla varmstart. Ein vanleg GPS brukar til vanleg ca 45s på å slå seg på dersom han har vore avslått over eit lengre tidsrom, men dersom han har bare har vore avslått eit kortare tidsrom, treng han bare nokre sekund for å slå seg på. Det er slik GPS-systemet skal fungere.

Denne GPS'en fungerer i praksis ikkje, og er heilt verdilaus!

Denne GPS'en er derimot ikkje i stand til å gjera ein slik rask start. Om GPS'en bare har vore avslått ein sekund, treng han over minuttet på å slå seg på att, så lenge er det sjeldan at kameraet mitt er aktivt. I tillegg har han eit minne som forsyner kamera med siste posisjon, det vil seie den posisjonen som ein var sist kamera var aktivt lenge nok til at GPS'en fekk starta opp ordentleg, dette kan vera veker eller månader sidan. Resultatet er at det ser ut som GPS'en er klar, ettersom GPS-symbolet på kamera lyser. Blinkinga på sjølve GPS'en er også så lik før og etter GPS'en har funne posisjonen sin, at ein aldri veit om ein får riktig posisjon eller ikkje. GPS'en fungerer rett og slett ikkje i praksis, og er i altså heilt verdilaus.

Mitt råd når det gjeld Yongnuo N-918/N1

STYR UNNA!

tirsdag 6. november 2012

GPS til kamera, del 2

Mitt fyrste digitale kamera var ein Nikon D1X. Dette kameraet hadde moglegheit for å kople til GPS for å registrere koordinatar i biletefilene. Dette kameraet og D1H hadde ei eigen kontakt til GPS, ei 2,5mm stereojackkontakt.


Ettersom det ikkje var nokon kommersielle løysingar tilgjenge, måtte ein lage ledningen sjølv. Det er litt forunderleg å lese bruksanvisninga der det står at ein ikkje må bruke utstyr frå andre produsentar ettersom dette kan skade kameraet. Men når ein kjem til kapittelet om GPS, står det at no må ein fram med loddebolten og lodde sjølv. Data-inn skulle matast på den innerste ringen, den midterste ringen var jord, og tuppen vart ikkje brukt. Dataene skulle sendast som NMEA 0183 versjon 2.0.1 med 4800b/s.


Mi fyrste GPS-løysing til dette kameraet var ein lånt Garmin GPS 76. Denne GPS-en hadde ei rund kontakt med fire pinnar, straum inn, data inn, data, ut og jord. Ettersom GPS-en var lånt og budsjettet tomt, måtte eg lage ledningen av luft og kjærleik, og ellers det eg måtte ha tilgjengeleg. 2,5mm stereojackplugg fann eg i enden av eit øydelagt håndfrisett til ein mobiltelefon. Ettersom ledningen satt fast i denne enden, var det bare å lage ein plugg som passa i GPS-en, og løysinga var ferdig. denne pluggen støypte eg av limpistollim. Dette vart ei løysing som ikkje var veldig robust, og vart bare brukt på dei bileta der koordinatane hadde ein litt større verdi. Men det fungerte heile tida fram til eg fekk meg min eigen GPS.


Etter ei tid fekk eg tak i ein billig Garmin Etrex. Til denne fekk eg tak i ferdig kontakt med ledning til GPS-en. Denne ledingen lodda eg så rett inn på den tidlegare nevnte håndfrisettledningen. No hadde eg endeleg min fyrste robuste GPS-løysing til kameraet. GPS-en var liten nok til å ligge i fotoveska, og han vart derfor brukt på alle bileta.


Neste GPS var ein Garmin GPSmap 60X. Denne var noko større enn den gule Etrex'en, men hadde kart, noko som gjorde han meir interessant som eit orienteringsverktøy. For å ikkje trenge bera med meg 2 GPS-ar når eg var på tur, måtte eg sjølvsagt lage meg ein ny ledning til den nye GPS-en. Denne gongen fekk eg tak i ein plugg utan ledning til GPS-en. Eg valde å ikkje øydelegge den gamle ledingen, og måtte derfor få tak i ein 2,5mm jackplugg. Ledning med 3,5mm stereojackplugg i begge endar hadde eg allereie, og når eg fann ein overgangsledning til 2,5mm, valde eg å bruke desse. Det vil seie at eg delte ledningen med 3,5mm plugg i to og lodda den eine av desse til GPS-pluggen. Så bruke eg overgangen for at dette skulle passe i kameraet. Denne ledningen var langt frå så robust som den fyrste ledingen min. Derfor har denne vorte reparert mange gonger, og ledningen er bytta ut med den andre enden av ledningen, og seinare er jackpluggen bytta ut. Til sist er heile ledningen bytta ut att. Det som ein har laga sjølv, er heldigvis greit å reparere sjølv også.