tirsdag 6. november 2012

GPS til kamera, del 2

Mitt fyrste digitale kamera var ein Nikon D1X. Dette kameraet hadde moglegheit for å kople til GPS for å registrere koordinatar i biletefilene. Dette kameraet og D1H hadde ei eigen kontakt til GPS, ei 2,5mm stereojackkontakt.


Ettersom det ikkje var nokon kommersielle løysingar tilgjenge, måtte ein lage ledningen sjølv. Det er litt forunderleg å lese bruksanvisninga der det står at ein ikkje må bruke utstyr frå andre produsentar ettersom dette kan skade kameraet. Men når ein kjem til kapittelet om GPS, står det at no må ein fram med loddebolten og lodde sjølv. Data-inn skulle matast på den innerste ringen, den midterste ringen var jord, og tuppen vart ikkje brukt. Dataene skulle sendast som NMEA 0183 versjon 2.0.1 med 4800b/s.


Mi fyrste GPS-løysing til dette kameraet var ein lånt Garmin GPS 76. Denne GPS-en hadde ei rund kontakt med fire pinnar, straum inn, data inn, data, ut og jord. Ettersom GPS-en var lånt og budsjettet tomt, måtte eg lage ledningen av luft og kjærleik, og ellers det eg måtte ha tilgjengeleg. 2,5mm stereojackplugg fann eg i enden av eit øydelagt håndfrisett til ein mobiltelefon. Ettersom ledningen satt fast i denne enden, var det bare å lage ein plugg som passa i GPS-en, og løysinga var ferdig. denne pluggen støypte eg av limpistollim. Dette vart ei løysing som ikkje var veldig robust, og vart bare brukt på dei bileta der koordinatane hadde ein litt større verdi. Men det fungerte heile tida fram til eg fekk meg min eigen GPS.


Etter ei tid fekk eg tak i ein billig Garmin Etrex. Til denne fekk eg tak i ferdig kontakt med ledning til GPS-en. Denne ledingen lodda eg så rett inn på den tidlegare nevnte håndfrisettledningen. No hadde eg endeleg min fyrste robuste GPS-løysing til kameraet. GPS-en var liten nok til å ligge i fotoveska, og han vart derfor brukt på alle bileta.


Neste GPS var ein Garmin GPSmap 60X. Denne var noko større enn den gule Etrex'en, men hadde kart, noko som gjorde han meir interessant som eit orienteringsverktøy. For å ikkje trenge bera med meg 2 GPS-ar når eg var på tur, måtte eg sjølvsagt lage meg ein ny ledning til den nye GPS-en. Denne gongen fekk eg tak i ein plugg utan ledning til GPS-en. Eg valde å ikkje øydelegge den gamle ledingen, og måtte derfor få tak i ein 2,5mm jackplugg. Ledning med 3,5mm stereojackplugg i begge endar hadde eg allereie, og når eg fann ein overgangsledning til 2,5mm, valde eg å bruke desse. Det vil seie at eg delte ledningen med 3,5mm plugg i to og lodda den eine av desse til GPS-pluggen. Så bruke eg overgangen for at dette skulle passe i kameraet. Denne ledningen var langt frå så robust som den fyrste ledingen min. Derfor har denne vorte reparert mange gonger, og ledningen er bytta ut med den andre enden av ledningen, og seinare er jackpluggen bytta ut. Til sist er heile ledningen bytta ut att. Det som ein har laga sjølv, er heldigvis greit å reparere sjølv også.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar