onsdag 22. juli 2020

Tour te fjells

Så er Tour te fjells 2020 gjennomført. CK Valdres har imponert i år som tidlegare år. Med mange av landets aller beste syklistar i feltet, var det ei oppleving å vera til stades då dei tråkka seg over fjellet på sølete veg i sprutregn. Det var mykje ulydar frå kjede og tannhjul etterkvart som syklistane passerte.

Det er fleire av desse som vert å sjå i langt meir kjente ritt framover.


For ein urøynd sportfotograf, var vêret utfordrande nok. Men kameraet fungerer fortsatt, så då må eg vel seie meg fornøgd med opplevinga.

fredag 3. juli 2020

Langtidstesten: Markins Q3T

Mange av produktomtalene ein finn på nettet er utelukkande basert på fyrsteinntrykket til forfattaren. Slike omtaler er mindre interessante, men i ei verd der "testarane" konkurerer om å få publisert testen sin raskast mogleg, vert resultatet deretter. Det er også erfaringar med heilt nye produkt, mange etterspør. I denne omtala skal eg dele erfaringane eg har etter 8 års med Markins Q3T.


Markins Q3T


Markins Q3T er eit kulehovud til å ha på fotostativet. Dette fungerer som eit kuleledd mellom stativet og kameraet, slik at kameraet kan peikast til kva som helst retning og låsast der. Markins sine kulehovud hadde veldig god omtale på mange nettsider og Markins vart av mange, rekna som eit av dei beste kulehovudmerka i den tida eg kjøpte dette hovudet.

Nokre turre fakta

Markins Q3T er 8,7cm høgt. Større høgde gjer at momentet som skal overførast til stativet, vert større. Eit høgt hovud vil altså stille endå større krav til stativet. Det er same problemstilling som ved bruk av midtsøyle på staivet.

Kula er 38mm i diameter. Større kule vil gjera det lettare å gjera små justeringar på kvar kameraet peikar, og større kule vil gjera at låsinga av kula klemmer på eit større areal. Men ei større kule gjer også kulehovudet større og tyngre.

Halsen mellom kula og kameraplatformen er 1,3cm breid på det smalaste. Stødigheitsmessig, er denne halsen det svakaste punktet på dei fleste kulehovud. Ein smal og lang hals vil svinge meir enn ein stutt og grov hals.

I tillegg til kula, har kulehovudet også ein panoreringsbase heilt underst på hovudet. Med den kan ein panorere hovudet utan å losne kula.

Kulehovudet veg 370g. Lågare vekt beyr at det er enklar å få med seg. Dette er særleg viktig på telttur, når sekken er i tyngste laget sjølv utan fotoutstyr. Kraftigare konstruksjon vil gjera hovudet tyngre, så dette er eit kompromiss ein må gjera. Og derfor er det greit å både eit lett hovud og eit kraftigare hovud, så brukar ein det som passar best til forholda. Markins Q3T var tiltenkt rolla som lettvektshovud for min del, i kombinasjon med eit lett stativ. Det lette stativet var derimot ein fiasko. Lettvektskombinasjonen som derimot har vore brukt på fleire teltturar, har vore Markins Q3T og Berlebach mini.

Diameteren på sjølve kulehovudet er 5cm. Normalt er ikkje dette ein viktig eigenskap, men dette kulehovudet er laga for å passe mellom beina på såkalla reisestativ når ein pakkar desse saman. Eg har aldri brukt stativ som har lete seg pakke saman på denne måten, så for meg har det ikkje vore noko stort poeng. Plasseringa av låseskruven for kula og låseskriven for panoreringa og også plassert slik at dei ikkje skal hindre å pakke saman reisestativ på denne måten.


Fyrsteinntrykket

Då kulehovudet var nytt, innfridde det dei fleste forventningane, og dei forventningane var skyhøge. Rørslene var mjuke, langt betre enn det andre kulehovudet eg hadde på den tida, RRS BH-40. Men ettersom kula var litt mindre, var det meir begrensa kva det var eigna til. Eg fann fort ut at ei praktisk grense var objektiv med brennvidde rundt 200mm. Fastbrennvidde 200mm/4 gjekk heit greit, men 70-200mm/2,8-zoomen vart i tyngste laget, sjølv om zoomen har stativfeste og derfor vert montert med tyngdepunktet rett over kulehovudet. Ettersom dette hovudet var tiltenkt lettvektsbruk, var ikkje den tunge f/2,8-zoomen del av målgruppa, for mi bruk.


Det store skruven nederst på kulehovudet, er låseskruven for kula. Nedi venstre hjørnet på hovudskruven, kan ein såvidt skimte ein liten skruven som er til for å begrense kor langt ein kan åpne hovudskreven. På den måten risikerer ein ikkje at kula brått vert heilt laus fordi ein har åpna for mykje.

I følge reklamen skal ikkje kameraet røre seg sjølv om kula er ulåst når ein har stillt denne vesle begrensingsskruven riktig. Det fungerer ikkje fullt så ideelt, men med tyngdepunktet rimleg sentrert over kulehovudet, fungerer det slik reklamen beskriv det. Ein annen fordel med å ha denne begrensingsskruven så stramt, er at låsing av kula ikkje fører til så stor rørsle som dersom kula skal låsast frå ein lausare innstilling.

Skruven på høgre side på biletet, er for å låse panoreringsbasen. Denne skruven er av ubeskytta metall, og med rifla overflate. Den lite fingervenlege overflata på denne skruven, er det fyrste iritasjonsmomenten på kulehovudet. Skruven er vond å låse og vond å losne dersom han sitt litt fast. Sjølv har eg løyst problemet med å tre på ein gummiring som vist på biletet.

På toppen av hovudet sitt ei hurtigkoplingsklemme med skruvelåsing. Eg hadde hendellåsing på det andre kulehovudet, RRS BH-40, men etter erfaring med denne skruvelåsinga, har eg bytta ut hurtigkoplinga på BH-40-hovudet slik at dette også har skruvelåsing.

Det som derimot ikkje er like imponerande med hurtigkoplinga, er at det er plassert ei libelle inni hurtigkoplinga. Dette ser sikkert fint ut i marknadsføringsmateriell, men i praktisk bruk, er denne libella alltid borte under kameraet når kulehovudet er i bruk. Dette er nok det sikraste teiknet på at konstruktøren ikkje brukar kulehovudet sjølv.

Den blanke sirkelen i midten er bolten som forankrar hurtigkoplingsklemma til kula. øverst i klemma, synest det eit svart hol etter ein såkalla sikringspinne. Dette var ein fjørbelasta pinne som skulle hindre at kameraplata sklir ut dersom ein ikkje har låst klemma godt nok. Problemet med ein slik sikringspinne, er at det også hindrer ein frå å skuve kameraet inn og ut av klemma, ein må skruve opp klemma heilt, slik at ein kan lyfte kameraet rett opp. Eg fortrekk å skuve kameraet inn og ut av klemma, derfor har eg fjerna denne sikringspinnen.


Markins Q3T fungerer ikkje i kulde

Kulehovudet viste si fyrste virkelege svakheit allereie fyrste vinter. Då temperaturen kraup nedover på minussida, nekta kula å bevege seg. Ho fraus rett og slett fast. I følge produsenten skulle dette vera enkelt å fikse med rensk av kula med WD-40 før ein går ut. For det fyrste er det håplaust med utstyr som treng spesiell oppmerksomheit kvar einaste gong det skal brukast. For det andre fekk eg aldri denne rensken til å hjelpe.

Dette førte naturlegvis til at bruksområdet for dette hovudet vart redusert til sumarbruk. Hovudet har vorte lagt vekk om hausten, og henta fram att om våren. Bruken har derfor vore redusert til nokre få månader i året.

Markins lagar også større kulehovud, Q10 og Q20. Q20 var ein av kandidatane eg hadde til eit større kulehovud til det store stativet. Ettersom desse ulike modellane ser ut til å vera bygd på same måte, bare med ulike storleikar, har eg ingen tillit til at Q20 fungerer i kulda. Det store stativet er det stativet som eg brukar om vinteren når det er mørkt og stativ er meir naudsynt enn nokon annan tid. Dette hovudet skulle altså ha sitt aller viktigaste bruksområde i kulda. Den sjansen har eg verken lyst til eller råd til å ta.

Stoda etter 8 år

Grunnen til at eg kan skrive denne oppsummeringa no, er at kulehovudet allereie er utslite. Til tross for begrensa bruk desse åra, har det utvikla seg slark i panoramabasen. Hovudet vippar rett og slett fram og attende. Kulehovudet har altså ikkje lenger den aller viktigaste eigenskapen til eit stativhovud, å halde kamera støtt og i ro.

Sisteinntryket

At hovudet allereie er utslite etter begrensa bruk nokre få månader i året i 8 år, gjer sluttinntrykket heller dårleg. Med litt hard bruk, ville dette hovudet vore utslite i løpet av eit år.

Det vert sjølvsagt ikkje noko nytt Markins Q3T på meg. Eg trur heller ikkje det vert erstatta med noko anna lettvekts-kulehovud. RRS BH-40 kulehovudet som har fulgt meg i 11 år, er ikkje så mykje tyngre, det er langt sterkare og kan halde alt utstyr som er aktuelt å bera med meg, og det har vist seg langt meir påliteleg. Det fungerer året rundt og viser ikkje slitasje til tross for langt meir bruk gjennom endå fleire år.