fredag 8. november 2019

Derfor mistar eg respekta for farevarsla til yr.no

Yr.no åtvarar om ''Pågår: Mye snø" samtidig som det aktuelle vêrvarselet antydar kanskje 2cm dersom me er heldige, og ute er det fortsatt bart som om sumaren. Når det vert reell fare å varsle om, kjem eg og mange andre til å oversjå det.

skjermbilete frå https://www.yr.no/stad/Noreg/Buskerud/Hol/Hovet/langtidsvarsel.html 8/11-2019
Dersom det er noko som skulle åtvarast om akkurat no, er det barfrost. Og det er bare betyteleg mengde snø som kan løyse problemet…

mandag 16. september 2019

Vinterer kjem stadig nærare

Det er ikkje fyrste snøen i haust. Men det er fyrste morgonen eg har vakna og faktis sett nysnøen. Tidlegare har det vore overskya eller bare mørkt. I dag var det klarver og nesten fullmåne.




onsdag 6. mars 2019

"En turfjellski må være robust og pålitelig, tur etter tur."

Langtesten av Fisher E99 fjellski

Fisher sine nettsider står det:
En turfjellski må være robust og pålitelig, tur etter tur. E99 Easy Skin er kjent for nettopp dette, en stålkantski utviklet for turer og ekspedisjoner.

Då skulle dette vera ski som passar perfekt for min bruk, sjølv om eg ikkje driv med ekspedisjonar.

Den siste halvannan skisesong har eg blant anna brukt eit par ski av denne modellen på enkle fjellturar med lett sekk. Eg har fleire ski og vel ski etter forholda og kva slags tur eg skal på, så desse skia har ikkje vore på overnattingstur, og dei har heller ikkje vore på turar med hard nedoverkøyring.

Likevel har stålkantane sprukke opp og forrige sundag byrja fyrst ein stålkant, så ein annan stålkant å låsne. Etter mitt syn, skulle dette vera ein veldig klar reklamasjon. Eg har erfaring med at Åsnes har vore flinke på tilsvarande reklamasjonar på deira modellar.

Fisher sitt svar var derimot ikkje så tillitvekkande:
…resultat av for hard belastning over tid…
Fisher godtek altså ikkje dette som reklamasjon, men dei tilgyr meg nye ski for halv pris. Eg er heilt enig med Fisher i at ei fjellski må vera robust og påliteleg. Når dei samtidig seier at min bruk, fjellturar med lett sekk, er for hard belastning for skimodellen, så er valget mitt enkelt. Men det vart ei dyrkjøpt erfaring for min del, eit raskt overslag seier meg at desse skia har kosta meg 50-100 kroner pr. tur.

Det vert ikkje fleire Fisher-fjellski på meg. Når eg kjøper fjellski, må produsenten gå god for at skia skal tåle å brukast som fjellski, noko Fisher heilt tydeleg ikkje gjer.