onsdag 29. april 2015

GPS til kamera, del 4

Då eg skreiv dei andre delane, trudde eg at eg hadde funne ei løysing som fungerte. Der tok eg feil, og det viser kor viktig det er med ordentleg utprøving før ein konkluderer.

Blåtann GPS og Aokatec Ak-4NII blåtannplugg

Aokatec Ak-4NII er ein liten plugg til å setje i kontakta på kamera. Pluggen koblar seg så til ein blåtann-GPS i nærleiken. Dette er tilsynelatande ein elegant løysing, ikkje minst med tanke på at det er trådlaust. Pluggen er akkurat stor nok til å feste ein navnelapp på. Men han er så liten at ein ikkje vil greie å finne han att dersom ein mastar han. Det siste er derimot løyst med ei lita snor som ein fester i auga til kamerareima. Og denne snora er heilt naudsynt, for pluggen ramlar ut i tide og utide. Med GPS som står på heile tida, unngår ein problem med oppstartstid, men batteribruken vert større.

Det fyrste problemet dukkar opp når batteriet i GPS-en går tomt. På langtur, vert ein avhengig av to ulike batterityper. Logistikken er langt enklare når GPS-en brukar straum frå kamerabatteriet. Til dagleg bruk, må ein bare hugse på å lade opp GPS-batteriet ofte nok.

Det andre problemet dukka opp då GPS-en brått forsvann. Med små, lause objekt i fotoveska, er det alltid ein risiko for at noko kan ramle ut. GPS-en forsvann truleg i forbindelse med dei fyrste bileta om dagen, og at eg tok GPS-en opp for å slå han på. Han var i alle fall borte seinare på dagen. Ettersom dette skjedde midt i elgjakta, og eg ikkje hadde moglegheit til å koma meg i nokon butikk på dagtid, måtte eg låne meg ein blåtann-GPS.

GPS-en eg fekk lånt meg, hadde sin eigen batterisparefunksjon. Dersom ingenting var kobla til i nokre minutt, slo han seg av. Det vil seie at dersom pluggen ramla ut av kamera, slo GPS-en seg av. På grunn av dette, måtte eg stadig vekk vente på at GPS-en fekk fiks. Eg passa sjølvsagt på å unngå slik batterisparefunksjon når eg kjøpte meg ny blåtann-GPS.

Når eg har nevnt dei praktiske problema med løysinga, er det på tide å nevne dei begrensingane som produsenten har bakt inn i produktet. Dei fleste blåtann-GPS-ane har dårleg eller ingen visning av kor god kvalitet det er på posisjonen. Dette er ikkje ulikt dei andre dedikerte kamera-GPS-ane. Men Aokatec har gjort heilt uforståeleg valg ved at dei endrar dataene frå GPS-en slik at kamera får beskjed om at det alltid er 4 satelittar som er grunnlag for posisjonen. Det er derfor ingen moglegheit å vurdere kvaliteten i ettertid. Fy skam på Aokatec for dette valget.

Aokatec Ak-G1s

I motsetning til blåtannpluggen over, er Ak-G1s ein plugg med GPS inne i pluggen. Denne GPS-en er altså ein mini kamera-GPS som brukar straum frå kamerabatteriet. Pluggen er omlag dobelt så stor som blåtann-pluggen.

I likheit med blåtann-pluggen over, har også denne ei snor til å feste i auga til kamerareima. Så lenge det er batteri i kamera, er deet straum til GPS-en. GPS-en har også av-på-knapp, slik at han kan slåast av for å spare batteri.

Problemet er at GPS-en har innebygd batterisparefunksjon. GPS-en slår seg av og på saman med at ein aktiverer kameraet. Det vil seie at GPS-en må startast opp kvar einaste gong ein tar opp kamera. Kor lang tid GPS-en brukar på å få fiks, er avhengig av kor lenge sidan han var aktivert sist. Ved sporadisk fotografering gjennom dagen, kunne det bli mykje venting, men stort sett ikkje uproblematisk mykje venting med dei riktige rutinene. Dersom ein passar på at kameraet vert aktivert med eingong ein tar det opp, har GPS-en som oftast fiks før ein rekk å søke, fokusere og fotografere.

Det store problemet med lang oppstartstid dukkar opp når ein flytt seg langt over kort tid. GPS-en greier ikkje å få den fyrste fiksen etter oppstart når ein har stor fart. Ein innebygd funksjon i GPS-en gjer at han sender siste posisjon til kameraet. Dette er ein funksjon som er tenkt å vera lur dersom ein er inne eller andre plassar med dårleg satelittsikt, og ein held seg på same plassen. I fly har ikkje ein kvarter gamal posisjon nokon verdi. I tillegg til å sende verdilause posisjonar, held klokka i GPS-en seg oppdatert, og det er heile tida riktig klokkeslett som vert sendt til kamera, ikkje tidspunktet for posisjonen som vert sendt. Denne kombinsjonen gjer at det ikkje lar seg gjera å plukke ut kva for bilete som har fått riktig posisjon, og kva for bilete som har fått ein gaman posisjon. Til bruk i fly og helikopter, er denne GPS-en ubrukeleg.

Som blåtann-pluggen, rapporterer denne GPS-en også alltid 4 satelittar, uavhengig av kor mange som har vore grunnlag for posisjonen, og uavhenig av om posisjonen er fersk eller gamal. Fy skam på Aokatec for dette valget. 

Konklusjon

Til tross for desse problema, er dette 2 ulike løysinga som eg har lang erfaring med. Og eg kan ikkje beint fram fråråde nokon av løysingane, dersom ein er kjent med begrensingane og kan forhalde seg til det.

Av dei løysingane eg presentert i dei 4 fyrste delane, er det bare Garmin-GPS-en som er fullgod teknisk og som gjev full kontroll på posisjonskvaliteten. Men den store einingen i kombinasjon med ledning, gjer det likevel til ein mindre eigna løysing til dagleg fotografering.