Primus 96 er eit kokeapparat for turbruk. For at det skal vera praktisk å pakke ned i sekken, er det veldig demonterbart. Kanskje den største ulempa med akkurat denne modellen, er at det er mange delar å passe på at ikkje ligg att i lyngen når ein pakkar saman.
 |
Biletet viser tanken, 3 kjelestøtter, brennerklokka, stigerøyret, forvarmingsskåla og flammespreiaren |
Det er ganske utruleg at alle delane fortsatt er samla etter 100 år. Når ein studerer salgsannonser er det ofte manglar. Brennarklukka, forvarmingsskåla og flammespreiaren manglar ofte, og særleg brennarklukka er vanskeleg å erstatte.
 |
| Forseggjorte, innfellbare føtter. |
 |
| Pumpa |
 |
| Oppe til venstre viser tanklokket med lufteskruve. |
Effektregulering foregår ved å pumpe opp høgare trykk for å få meir effekt, eller lufte ut for å redusere trykk og effekt. Det høyrest kanskje ikkje så enkelt ut, men erfaringa mi er at det er både enkelt og presist.
 |
| Feste til kjelestøtte. |
 |
| Lokken til å tette tanken når ein skal transportere apparatet har sin eigen plass å oppbevarast når ein brukar apparatet. |
 |
| Stigerøyret som fungerer som forgasserrøyr |
 |
| Dysa er ein integrert del, og kan ikkje skiftast ut. |
 |
| Brennarklukka |
 |
| Flammespreiaren ligg laust oppå klukka. |
 |
| 3 kjelestøtter |
 |
| Ferdig montert, klar for bruk |
 |
| Den medfølgande vindskjermen skjermar ikkje mykje, men hjelper godt på formvarminga |
Primus 96 er ein av den aller minste parafinbrennaren som har vore.
 |
| Primus 210, Manaslu 96 og Primus 96 |
Primus 96 til høgre i biletet.
Til venstre er ein annan klassiker, Primus 210. Kokeapparatet på biletet er produsert i Noreg av Høvik verk på 1950-talet, på lisens frå Primus. Primus 210 har ein brennar med høgare effekt, og er etter mitt syn, det aller mest allsidige turkokeapparatet nokonsinne.
Brennaren i midten er Manaslu 96. Ein "moderne" reinkarnasjon frå Japan. Manaslu er tydeleg inspirert av Primus, ved å bruke same modell-nummer. Tanken er omlag like stor som på Primus 96, men Manaslu har brukt ein brennar som liknar på brennaren til Primus 210. Manaslu 96 har derfor høgare effekt enn Primus 96, og består ikkje av så mange lause delar. Dersom ein ikkje har bruk for den større tanken eller dei litt vidare kjelestøttene til Primus 210, kan eg absolutt anbefale Manaslu 96.
 |
| Manaslu 96, Primus 96 og Svea 123r |
Svea 123r er ein bensinbrennar som fortsatt er i produksjon (av Optimus) og kan kjøpast ny. Effekten er omlag som på Primus 96. Sjølv om Svea 123r også vert rekna som ein klassisk modell, er modellen av nyare opprinnelse og fekk nydesigna brennar og r-en i modellnavnet så seint som i 1974, etter ca 20 år som Svea 123.