Viser innlegg med etiketten Svalbard. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Svalbard. Vis alle innlegg

onsdag 5. februar 2020

Mimring frå Svalbard og Hinlopenstretet

Medan eg sit og ser på NRK si minutt for minutt-sending frå Svalbard, blar eg i  Den norske los og Cruishåndboka for Svalbard, og eg blar gjennom bilete frå eigne turar. Akkurat no er NRK-båten i Hinlopenstretet, og der var eg også 10 år tidlegare.


Alt eg har lese om Hinlopen, er at det er mykje vind og straum, me hadde blikk stille hav.


Isbjørn såg me også.


Kvelden i Hinlopen vart runda av med eit nærmøte med Bråsvellbreen.




Fleire bilete kan sjåast på flickr-albumet mitt

torsdag 22. desember 2016

Inspirert av Kåre Tveter

Eg var innom Galleri Svalbard i 2009, der vart eg heilt bergteken av dei nesten heilt kvite bileta til Kåre Tveter. Den store kvite flata med antydinga av eit landskap i det kvite, var noko som traff noko inni meg. Det handlar nok om at Tveter hadde greidd å lage bilete av det eg har sett i fjellet i snø og skodde så ofte.

Eg har prøvd å skape liknande bilete sjølv. Det er ikkje enkelt, det er ein hårfin ballansegang mellom heilt kvitt og for mykje detaljar.

Dette bilete vart til i Liefdefjorden på nordsida av Svalbard nokre dagar seinare. Sjølv om det ikkje kjem klart fram, er det eit sumarbilete. Men skodde og snø, eller i dette tilfellet ein bre, er det same uansett årstid.


Dette er eit haustbilete frå Svalbard i 2011. I Kongsfjorden, ikkje langt frå Ny Ålesund. Det er ikkje snø som gjer det kvitt i dette tilfellet, bare den tjukke skodda som låg over fjorden.

Tilslutt har eit bilete frå nyttårseftan 2015 frå heimlege trakter. Denne gongen er det ekte vare med snø, skodde og vinter. For dei som ikkje kjenner seg att, kan eg nevne at det er frå Vesle Hengsvatnet.

Bilete på ein liten dataskjerm kan derimot aldri gje det same sterke inntrykket som ein får av dei store bileta på Galleri Svalbard. Eg vil anbefale alle å stikke innom galleriet får å sjå Kåre Tveter samlinga, dersom ein likevel er i Longyearbyen.

onsdag 5. november 2014

Isbjørnviku

Ettersom me er midt i isbjørviku er det på sin plass å ta fram nokre isbjørbilete.


fredag 23. mai 2014

Lesetips Svalbard

I den seinare tida har Kartverket lagt ut mykje kartdata for fri nedlasting. Dette er data som likevel ikkje er så tilgjengeleg for folk flest, ettersom det krevst noko kompetanse for å bruke det. Men Kartverket har også nokre produkt som dei er mindre kjent for, og som også har vorte tilgengeleg for nedlasting. Den norske los er eit slikt produkt.

Den norske los er eit oppslagsverk som fungerer som eit supplement til sjøkart. Sjølv er eg å rekne som landkrabbe, og farvatnsbeskriving er langt utanfor mitt interessefelt. Men eg har vore interessert i Svalbard i lang tid og har lese det meste eg har kome over av litteratur om denne øygruppa. Det er utgjeve mykje litteratur om Svalbard det siste hundreåret, og mange av desse bøkene er reine presentasjonar av Svalbard der mykje av innhaldet er attkjennande frå den eine boka til den andre, og der hovudfokuset er på land. Men ei bok utmerkar seg ved å vera heilt ulik alle andre, og det er det 7. bindet av Den norske los. I tillegg til å vera seilingsvegleiar, tar også boka for seg mykje av kva ein kan oppleva på land. Eg har ei tidlegare utgåve av boka, og fortrekk nok boka når eg skal kose meg med lesinga. Men den nedlastbare versjonen er søkbar og derfor godt eigna som oppslagsverk. At fila er gratis og lett tilgjengeleg, gjer at alle Svalbardinteresserte bør kjenne til dette verket.

fredag 8. juni 2012

Fjortende Julibukta i Krossfjorden

Då me kom i land i Fjortende Julibukta, fann reinane som gjekk der det tryggast å trekke seg unna, rett til fjells.

Då vart det heller å fotografere breen.