For nokre år sidan, leitte eg etter det ultimate tur-kokeapparatet. Eg vart ganske tidleg klart for meg at dette kokeapparatet kanskje ikkje var å få kjøpt nytt lenger, og at eg derfor måtte leite på bruktmarknaden.
Primus er, og har vore ein stor produsent av tur-kokeapparat sidan 1892. Primus er latin og betyr den fyrste. Og Primus var fyrst til å lage sotfritt parafin-kokeapparat. Dei skryter av å ha vore fyrst på Sydpolen, og fyrst på Mount Everest. Luftballongen til Andrée kom aldri til Nordpolen, men Primus-kokeapparatet som vart funne på Kvitøya over 30 år seinare, fungerte fortsatt. Det var derfor naturleg at Primus hadde fleire kanditatar i min leit etter det ultimate kokeapparatet.
Ein av modellane som vekte interesse, og som eg fekk tak i, var Primus 96. Dette er eit av dei aller minste kokeapparata for parafin, og vart produsert i 5-6 tiår på 1900-tallet. Modellen var kopiert av fleire av dei andre kokeapparat-produsentane, så det er noko tilfeldig at eg enda opp med ein modell frå Primus. Det kunne like gjerne vera ein Optimus 96 eller Radius 20. Ettersom Primus stempla apparata sine med ein kode for produksjonsår, veit eg at kokeapparatet mitt vart produsert i 1926. Det er altså 100 år gamalt i år.
