fredag 6. januar 2012

Elgjakt

Dei siste åra har me hatt utvida elgjakt fram til jul. I haust var derimot kvota redusert til 16 dyr, så då låg det an til rask jakt. Etter 7 dagar var me ferdig. Det er i alle fall det raskast eg har vore med på å fylle kvota, men så har eg heller ikkje vore med på å jakte på så lita kvote før.

Nokre tidlegare rekordar eg har vore med på i jaktlaget, er 30 felte elg i løpet av dei 7 fyrste dagane i jakta. 7 felte elg på ein dag er det meste eg har vore med på, men det har skjedd fleire gonger. 45 felte elg på ein haust har eg også vore med på 2 haustar. Det meste som har stått att på kvota etter jakta var slutt, er 15 elg, det skjedde den eine hausten me felte 45 elg.

Det meste av jakta foregår i skogen, men eg likar meg best på snaufjellet, så eg går høgast mogleg dersom eg får sjansen til det. Den høgastliggande posten eg har hatt ligg på omlag 1200 moh.

I 2010 vart jaktlaget portrettert i bladet Hjorteviltet og i Jeger Hund & Våpen sitt elg-temanummer. Lokalavisa Hallingdølen har også skrive om oss nokre gonger, seinast i 2011. For nokre år sidan hadde me besøk av eit serbisk TV-team som filma oss nokre dagar, så det vart eit halvtimes program på serbisk TV.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar