torsdag 27. september 2012

Minner om tidlegare tiders jakt og fangst

No når haustjakta er godt i gang og ein sit inne i varmen etter ein lang dag ute i sola, er det tid for å reflektere over korleis forfedrane våre dreiv.
Kva dette har vore, veit eg ikkje, men det er ingen tvil om at det er spor etter menneskeleg aktivitet. Og i dette området var det nok rein dei var ute etter.
Litt meir frå same området.
Denne dyregrava er ei av dei aller finaste eg har sett. Grava er omlag to meter djup, og smalast på toppen.
Det er gjerne ledegjerda som røper grava for ein tilfeldig fjellvandrar. Nokre stader fører ledegjerdet til neste grav. Andre stader sperrer den eine grava og tilhøyrande ledegjerde, effektiv av ein trong passasje.
Slik kan ei dyregrav sjå ut nedanfrå.
Det er ikkje vanskeleg å finne dyregraver. Dei er det mange av, og dei er lett synleg. Ein pilspiss er derimot ikkje så lett å få auge på. Men dersom ein er heldig, kan ein slik openbare seg framom føtene sine. Det var kanskje 1000 år sidan nokon hadde sett denne pilspissen før eg fann han. Etter kulturminneloven, er slike lause fornminne statens eigedom, så det er ikkje bare å ta det med seg. Denne pilspissen let eg ligge der han låg. Kanskje går det 1000 år til neste gong ein fjellvandrar før gleda av å finne den same spissen, og får den same fornemmelsen av at ein skinnkledd er i nærleiken.
I dag synest me at 4 elg på 3 dagar er dårleg utbytte, men me treng ikkje gå svolten til sengs sjølv om jakta feiler. Kor mykje dei skinnkledte fekk på ein god dag, veit eg ikkje, men utan fangst, hadde dei ikkje mat. Livet deira var altså avhengig av at dyregrava vart fylt, eller at pilspissen gav viltet eit dødeleg sår. Det var kanskje ei lita katastrofe å miste den dyrebare pilspissen.

fredag 8. juni 2012

Fjortende Julibukta i Krossfjorden

Då me kom i land i Fjortende Julibukta, fann reinane som gjekk der det tryggast å trekke seg unna, rett til fjells.

Då vart det heller å fotografere breen.


lørdag 5. mai 2012

Eit lite stykke jernbane

Etter at Finsetunellen vart åpna for nokre år sidan, har det ikkje gått tog på dei gamle skinnene, men dei er heller ikkje rydda vekk. Så sjølv vinterstid er det stykkevis at dei gamle skinnene ligg oppe i dagen der snøen er blåst vekk.

mandag 30. april 2012

Monstermaster og nasjonalpark

Fjellet er voldteken av sivilisasjonen. For at innbyggerane i Oslo skal ha lys i lampa og varme i panelovnane sine, har fjellet fått blø. Fjellvatna har vorte demt opp og elvene lagt i røyr for å kunne produsere straum. Men det er ikkje nok. For at straumen skal koma til byen, har det vorte bygd store høgspentlinjer på kryss og tvers av fjella våre.

Det er heller ikkje nok med ei høgspentlinje for å transportere straumen. Det må gjerne til 2 linjer, eller til og med 3 enkelte stader.

I bakgrunnen troner Hallingskarvet som har nasjonalparkstatus, og med det vert marknadsført som urørt natur. Men det er nok mest symbolpolitikk. Kanskje er alle dei små verneområda våre mest av alt eit teikn på kor mykje resten av naturen er nedbygd.

onsdag 15. februar 2012

Trening til Grønlandstur





Hausten 2011 var eg på ein ferietur til Nordaust-Grønland. For å få mest mogleg ut av turen, gjorde eg nokre forberedingar. Ein av desse var ein tur til Sunnmøre og Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. På same turen, fekk eg ein tur på fjorden for å trene på fuglefotografering. Med eit par flyndrer som åte, var det ikkje vanskeleg å få nærkontakt med måkene. Ikkje heilt det same som havhest, men artig var det likevel.
Bilder frå Grønlandsturen kjem seinare.

onsdag 11. januar 2012

Røyskatt

Røyskatten er å finne i heile landet og trivst der det er nokre steinar å gøyme seg imellom. Ei røys eller ei ur, eller kanskje ein gamal kjellar. Denne krabaten fotograferte eg i ei dyregrav som eingong var meint på rein.

Røyskatt er eit rovdyr som lever godt på smågnagarar. Så dersom du har ein røyskatt i kjellaren på hytta, så held han musa unna.

Røyskatten er nysgjerrig så det held. Når ein fyrst har fått auge på han, kan ein ha underhaldning i lang tid. Men fotografen får aldri lang tid på kvart forsøk, før røyskatten forsvinn i ura att, for å koma fram att ein heilt annan plass. Men med litt tålmod, vert sjansane mange nok.

fredag 6. januar 2012

Elgjakt

Dei siste åra har me hatt utvida elgjakt fram til jul. I haust var derimot kvota redusert til 16 dyr, så då låg det an til rask jakt. Etter 7 dagar var me ferdig. Det er i alle fall det raskast eg har vore med på å fylle kvota, men så har eg heller ikkje vore med på å jakte på så lita kvote før.

Nokre tidlegare rekordar eg har vore med på i jaktlaget, er 30 felte elg i løpet av dei 7 fyrste dagane i jakta. 7 felte elg på ein dag er det meste eg har vore med på, men det har skjedd fleire gonger. 45 felte elg på ein haust har eg også vore med på 2 haustar. Det meste som har stått att på kvota etter jakta var slutt, er 15 elg, det skjedde den eine hausten me felte 45 elg.

Det meste av jakta foregår i skogen, men eg likar meg best på snaufjellet, så eg går høgast mogleg dersom eg får sjansen til det. Den høgastliggande posten eg har hatt ligg på omlag 1200 moh.

I 2010 vart jaktlaget portrettert i bladet Hjorteviltet og i Jeger Hund & Våpen sitt elg-temanummer. Lokalavisa Hallingdølen har også skrive om oss nokre gonger, seinast i 2011. For nokre år sidan hadde me besøk av eit serbisk TV-team som filma oss nokre dagar, så det vart eit halvtimes program på serbisk TV.